Gravferd etter kyrkja si ordning er ei kyrkjeleg handling av gudstenesteliknande karakter. I den liturgiske utforminga skal kyrkja si grunnleggjande kristne tru kome tydeleg fram. Gjennom val av skriftlesingar, bøner, salmar og det som elles seiast og gjerast, skal alle som har ansvar for eller medverkar til gravferdshandlinga, bidra til at det bibelske bodskap kjem til uttrykk.
Song og musikk
Song og musikk er ein viktig del av gravferda og er med å sette ord og tonar både på takksemda, sorga og håpet. Kor mange salmar ein syng kan variere noko, men ofte vil det vere tre salmar inne i kyrkja og ein salme ute ved grava. I Norsk salmebok finn ein eit rikt utval av salmar som set ord på både takksemd, glede, sorg, undring og lengsel. Prest og organist vil gjerne vere med å gje råd og vegleiing og skal godkjenne både fellessong og evn soloinnslag.
Minnedel
I følge "Ordning for gravferd" skal det framførast "eit kort minneord av presten eller ein representant for dei pårørande". Minneordet skal gje eit sant bilete av den avdøde med særleg fokus på den avdøde var for dei som stod han/henne nær. Etter minneordet kan det framførast korte helsingar frå dei som ynskjer det. Dette skal vere avklara med næraste pårørande.
Tekstlesing, andakt og bøn
Gjennom lesing av tekster frå Bibelen, andakt og bøn får gravferda ei gudstenesteleg ramme. I "Ordning for gravferd" er det ei rekke tekster både frå Det gamle testamentet og Det nye testamentet. Dei pårørande er velkomne til å vere med å velge tekster som høver til den aktuelle gravferda. Det er også mogleg for pårørande å ta del med tekstlesing. Presten held ein kort tale over ein av dei leste tekstane. Deretter bed presten ei bøn før kyrkjelyden saman bed Fader vår.
Jordpåkasting
Ved gravferd med kiste vert gravferda avslutta ved grava. Her vert kista senka ned i jorda som eit synleg og konkret teikn på at det er den døde som forlèt oss og ikkje omvendt. Deretter kastar presten tre gongar jord på kista med orda: "Av jord er du komen, til jord skal du koma, av jorda skal du atter stå opp". Slik vert vi minna både om vår forgjenelegdom og om vårt evige håp. Til slutt lyser presten velsigninga over kyrkjelyden slik det blir gjort ved alle gudstenester og kyrkjelege handlingar.
Ved bisetjing og kremasjon skjer jordpåkastinga inne i kyrkja. Deretter går ein saman ut til kyrkjeporten der ein tek det siste farvel før bårebilen køyrer den avdøde til krematoriet.