For å melde gravferd tek ein kontakt med kyrkjeverje Jørn Velle. Om ein ynskjer å nytte eit byrå, kan ein og ta kontakt med det lokale byrået Hovden gravferdsbyrå. I kyrkjene i Ørsta har vi som hovudregel gravferd tysdag og fredag. Ved behov kan vi også nytte andre vekedagar.
Når stad og tidspunkt er bestemt er det framleis mykje å planlegge og vi er fleire som vil hjelpe. Kyrkjeverje bistår med val av gravstad og organist kan bistå med val av song og musikk.
Presten som får ansvar for gravferda vil ta kontakt å avtale ein samtale. I denne samtalen snakkar ein saman om det livet som no er over. Samtalen skal vere eit trygt rom der ein kan snakke ope og ærleg om det som var godt og om det som kunne vere vanskeleg. Saman vert ein einig om kva som skal vere med i minnetale og eventuelle blomehelsingar. Nokre pårørande ynskjer å framføre minnetalen sjølv. Andre ynskjer at presten skal gjere det.
Det er høve for dei pårørande å ta aktivt del i seremonien på ulike måtar. Ein kan til dømes framføre ei personleg helsing, lese bibeltekster eller tenne lys. Alt dette er opp til kvar einskild. For nokre er det godt å gjere mest mogleg sjølv. For andre er det godt å berre få vere tilstades. Her det viktig å kjenne på kva ein sjølv ynskjer og har behov for.