Kyrkja og kyrkjeleg gravferd gjev gode rammer for ein verdig, meiningsfull og trygg avskil. Vi får høve til å si farvel, takke for livet som har vore og samlast i sorga. Saman overlèt vi den døde i Guds hender. Vi deler minneord, bibeltekster, bøner, musikk og salmar. I alt dette skin den kristne bodskapen om håpet i Jesus Kristus.
I både planlegging og gjennomføring av ei gravferd er den avdøde og dei næraste pårørande i sentrum. Samtidig er gravferda også eit høve for det store fellesskapet både til avskil med den døde og til å dele sorg og takksemd med dei pårørande.