Avskjedsgudstenesta i Hjelmeland søndag samla ein stor flokk som ville visa takksemnd for ein prest med djup kjærleik til både kyrkja og Ryfylke. Blant anna var alle prestane i prosiet til stades, samt prostekollegaer og mange fleir. Hjelmeland kyrkjekor song under leiing av Anne-Berit Rinde Bjelland i ei flott gudstjeneste.
Etterpå var det tid for kaffi, kaker og takketalar:
– Etter eit langt og omfattande presteliv står du nå på terskelen til eit liv som pensjonist. Først vil eg takka deg for motet du viste då du stilte som bispekandidat. Ei kvinne måtte det jo vera i den rekka av gode namn. Du gjekk opp ein veg for meg der, helsa biskop Anne Lise Ådnøy.
Prest og formidlar
– Du har vært ein god prostekollega som eg har lært mye av. Og etter at mi rolle blei endra, har eg sett korleis dine val og prioriteringar i prostejobben har gitt prestane og kyrkjelydane i Ryfylke åndeleg næring, klokt leiarskap og eit godt nettverk av relasjonar. Så har eg aldri vært i tvil om kvar yrkesidentiteten din er: Du er prest og formidlar. Gjennom åra som prest og prost har du opna rom og vindauge for den Gud som alltid er større, Semper major. Orda dine er prega av det du sjølv har teke imot. Tusen takk for det! sa biskopen.
– Eit trusfellesskap med liv, røre og forandring
I forbindelse med at ho blir pensjonist, har Preikestolen, kyrkjeblad for Hjelmeland, Fister, Årdal, Strand, Jørpeland og Forsand sokn, eit intervju med Sigrid Sigmundstad. Der ho blant anna får spørsmålet:
– Du vart ordinert i 1985, og har vore prest i 40 år. Mange vil hevde at på desse åra har kyrkja endra seg på grunnleggande vis, og ikkje er til å kjenne igjen. Stikkord er kvinneprest, homofili og statskyrkje.
– Ja, det stemmer. Og nei, det stemmer ikkje. Jesus og forteljingane om han er dei same, men kyrkja har endra seg. Som ho skal, og må, dersom ho skal vere ei kyrkje som fungerer blant menneske som lever i vår tid, ikkje for 2000 år sidan. Som eg alt har nemnt, har eg heilt frå sidan eg var barn, hatt ein vedvarande identitet og kjensle av kva det vil seie å vere ein kristen og tilhøyre ein kyrkjelyd. Det er å vere del av eit trusfellesskap der det er liv og røre og forandring. Det er å vere del av eit fellesskap der det er ein til dels høglydt debatt om det meste, der det er sterke meiningar både til høgre og til venstre, men der alle likevel blir både sett og høyrt på. Eg er stolt over at kyrkja har evne til å ta inn over seg ny erfaring og kunnskap, og at den består av sjølvstendig tenkande menneske som saman undrar seg over tru og liv. Så nei, dei endringane som har skjedd, har ikkje endra det grunnleggande – å vere Kristi kyrkje i verda.
Les heile det fine intervjuet med prost Sigrid i Preikestolen her.
Alle foto: Ivar Barane





