Visitas i Ullensvang

Biskop Ragnhild Jepsen var på visitas i sokna Kinsarvik, Ullensvang, Tyssedal, Odda, Skare, Røldal, Utne og Jondal i Ullensvang kommune 17. - 23. mars 2025. Les omtale og visitasføredrag her.

Publisert:

Biskopen og gutane i 7. -klasse fann tonen under spørjetimen.
Biskopen og gutane i 7. -klasse fann tonen under spørjetimen.
Biskopen omtalte visitasen slik på facebook:
Heile forrige veke var eg på visitas i Ullensvang, Hardanger. No er eg full av takksemd over inntrykk, rikdomar og utfordringar som vi har fått delt og prata saman om. Eg trur visitasen har ein funksjon i dette: For kyrkjelydane å bli sett og verdsett i alt det gode arbeidet dei gjer og få sett ord på utfordringar og arbeid med strategi. Og for biskopen med fylgje å få meir kjennskap og kunnskap om lokalkyrkja. På alle måtar er Ullensvang rikt på ressursar. Eg har møtt så mange fine folk, sett så mykje vakkert og kjent at kyrkja er ein verdsett aktør i lokalsamfunna.
 
Av mange høgdepunkt:
Spørjetime med 7.klasse i Kinsarvik (og alle gutane ville vere med på bilete!), sidersmaking og omvisning på Norsk Institutt for Bioøkonomi, møte med konfirmantane i Odda, uendeleg vakre kyrkjerom og lokale skattar.
I går avslutta vi med ein storslått gudsteneste på Maria Bodskapsdag for alle dei åtte sokna i Jondal kyrkje. Der fekk hardingfela også lyde!

Tre utfordringar

  • Gå til gudsteneste regelmessig, og finn fram til ein god gudstenesterytme i samarbeid med prosten. Prøv ut kveldsgudstenester og nye gudstenesteformer, men hald fast på søndagen som dagen for kyrkjelyden si hovudgudsteneste.
  • Lag til ei samling for alle sokneråd og fellesrådet minst ein gong i året der de kan halda fram med den gode samtalen om strategi og dela erfaringar i kyrkjelydsarbeidet.
  • Lag strategi. Stab og sokneråd må halda fram den gode samtalen om kva de vil, både i sokna og i kyrkja i Ullensvang. Vel ut ei eller høgst to ting de vil satsa på saman og arbeid langsiktig med det.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"