Visitas i Fjaler

Biskop Ragnhild var på visitas i Fjaler 9. - 14. september 2025. Visitasføredraget kan du lesa her.

Publisert:

Visitasgudsteneste i Dale kyrkje, Fjaler.
Visitasgudsteneste i Dale kyrkje, Fjaler.

Biskopen sin omtale på facebook: 

– Visitas i Fjaler, flotte dagar! Eg har fått gjensyn med Folkestad bedehuskapell, vi har hatt gode samtaler med leiinga i kommunen, og hatt eit inspirerande møte med sokneråd og fellesråd.
United World College er ein sterk og viktig institusjon i Fjaler. Her er meir enn 200 ungdomar frå heile verda elevar, og saman utviklar dei kunnskap og kompetanse på korleis leve saman og skape gode fellesskap på tvers av politiske meiningar og ulike religionar. Eg fekk ha ein skuletime der temaet var korleis religion kan vere ein drivar for håp og fred. Det gjev mot og tru på framtida å møte slike flotte ungdomar!
Ved Guddal kyrkje fekk vi høyre om det unike feltet med graver i ei myr rett ved den eksisterande kyrkjegarden. Kven som er gravlagde her, og kvifor på denne staden, veit ein ikkje. Men det er snakk om mange graver, nokre gjenstander frå gravene er svært godt bevarte, og antakeleg kan dei vere frå 1100-talet. Det var interessant å høyre om dette både frå museumsfagleg hald og frå lokale folk som til og med var med på nokre av funna.
 
Visitasgudstenesten var verkeleg ein fest i Fjaler!. Konfirmantar, tre ulike kor, tilsette og kyrkjelyd feira saman og synleggjorde det gode fellesskapet vi er del av. Eg reiste heim frå visitas fylt med takksemd i hjartet.

Tre utfordringar

Biskopen avslutta visitasføredraget med tre utfordringar:
  • Samarbeid - Snakk saman i råd og stab om samarbeid på tvers av bygder og sokn.
  • Frivillig innsats 
  • Vaksenundervising

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"