KFUK-KFUM

KFUK-KFUM er ein kristen barne- og ungdomsorganisasjon som kjempar for unge mennesker sin rett til å leve og utvikle seg som heile menneske. Organsisasjonen har 15 000 medlemmer.

Publisert:

KFUK-KFUM

Logo KFUK KFUM
Kort om oss:

KFUK-KFUM skaper opne, trygge fellesskap der barn og unge er. I fellesskapa vår skal alle kunne vere seg sjølve, få opplevingar for livet og utvikle seg som heile menneske. Utgangspunktet vårt er verkelegheita som unge menneske lever i og dei andelege, sjelelege og kroppslege behova som unge menneske har. KFUK-KFUM er til for breidda av unge menneske, skaper tilhøyrsle og tek samfunnsansvar som ein radikal og truverdig kristen aktør.  Vi seier: “Først kven, så kva!” Gjennom ung medverknad og myndiggjering, og ved å sette barn og unge sine behov først, sikrar vi at arbeidet er relevant og i jamn utvikling. Vi er ein del av YWCA (Young Women’s Christian Association), som er den største kvinnerørsla i verda, og YMCA (Young Men’s Christian Association), som er den største ungdomsorganisasjonen i verda.

 

KFUK/KFUM tilbyr:

  • eit breidt spekter av aktivitetar for barn, ungdom, unge vaksne, familiar og dei godt vaksne
  • mange av aktivitetane og arrangementa våre kan nyttast inn i trusopplæringa for barn og unge
  • hjelp til oppstart av grupper
  • økonomisk støtte til medlemsgrupper gjennom oppstartsstøtte og Frifondsmidlar
  • medlemssystem til hjelp i administrativ drift av grupper (KFUK-KFUM Connect)
  • konfirmantleirar og konfirmantfestivalar
  • leir/ festival for barn og tweens
  • leir/festival for ungdom
  • leiarutvikling/leiarkurs for ungdom: MILK (frå 15 år) og LIV-kurs (for 16-19 åringar)
  • musikk og kor
  • idrett
  • klubbarbeid
  • gaming og E-sport
  • Forandringshuset-V13 - open, diakonal møteplass for ungdom
  • Open barnehage
  • kulturskolen “Kultur for alle”
  • ressursar ogmetodikk  til arbeid for barn, tweens og ungdom
  • kurs/seminar/workshops til fagdagar o.l. for kyrkjelege tilsette og frivillige

 

Representantar i området:

KFUK-KFUM Bjørgvin

Alice Vatnehol

Alice Jeanette Vatnehol
Dagleg leiar i KFUK-KFUM Bjørgvin (100%)
Dekkjer prostia Bergen Domprosti, Bergensdalen, Fana, Hardanger og Voss (med unntak av Eidfjord og Ullensvang), Nordhordland (med unntak av Gulen og Solund), Vesthordland og Åsane. 
alice@kfuk-kfum.no
bjorgvin@kfuk-kfum.no
Tlf.: 98667869

 

KFUK-KFUM Haugaland:

Ingen tilsette pr. november 2024
Dekkjer Sunnhordland prosti og Eidfjord og Ullensvang i Hardanger og Voss prosti.
E-post: haugaland@kfuk-kfum.no 

 

KFUK-KFUM Sogn & Fjordane: 

Ingen tilsette pr. november 2024
Dekkjer prostia Nordfjord, Sogn og Sunnfjord, samt Gulen og Solund i Nordhordland prosti.
E-post: sfj@kfuk-kfum.no 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"