Den norske kyrkja sitt samarbeid med barne- og ungdomsorganisasjonar

Den norske kyrkja har ein samarbeidsavtale med ei lang rekke barne- og ungdomsorganisasjonar for å styrke arbeidet som skjer lokalt.

Publisert:

Den norske kyrkja sitt samarbeid med barne- og ungdomsorganisasjonar

Samarbeidsavtalen blir følgd opp av Samarbeidsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonar (SBU). Dette er ein møtestad mellom Kyrkjerådet for Den norske kyrkja og dei ulike barne- og ungdomsorganisasjonene. Dette er eit nasjonalt samarbeidsråd for barne- og ungdomsarbeid i Den norske kyrkja.

I Bjørgvin bispedøme er det oppretta eit lokalt SBU, og for tida er det Søndagsskulen Vestland og KFUK-KFUM som sit i SBU-utvalet her.

Ni ulike organisasjonar

Nasjonalt har Den norske kyrkja ein samarbeidsavtale med 15 barne- og ungdomsorganisasjonar. Ni av desse er representerte i Bjørgvin bispedøme:

ACTA - Barn og unge i Normisjon,
KFUK-KFUM,
KFUK-KFUM-speidarane,
KRIK (Kristen Idrettskontakt),
NKSS (Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag ("Laget")),
Misjonssambandet Ung (Norsk Luthersk Misjonssamband Ung),
NMSU (Det norske misjonsselskaps unge),
Søndagsskolen Norge og
Ung Kirkesang.

Nedanfor kan du sjå kva kvar einskild av desse organisasjonane står for og kva dei gjer i vårt bispedøme.

Føremål

Føremålet med SBU er å styrke samarbeidet mellom Den norske kyrkja og organisasjonane, styrke det lokale barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelydane og i medlemsorganisasjonane sine lokale lag og å styrke trusopplæring for barn og unge.

 

Her finn du sider for kvar av organisasjonane:

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"