Kveldsretreat
onsdagar kl. 18-21:
- 21. januar
- 18. februar
- 22. april
- 20. mai
På kveldsretreata startar det med opning og impuls i kapellet og held fram med stille måltid, ein bibelmeditasjon, bønnevandring og enkel gudsteneste med nattverd i kapellet. Høve til samtale. 50 kroner for maten. Det er ikkje nødvendig med påmelding.
Fasteretreat
tirsdag og torsdag 17. og 19. mars kl. 16.30-20.30
På fasteretreaten blir det servert middag. Difor må ein melda seg på. Påmeldingsfristen er 9. mars. Meld deg på ved å sende e-post til Bård Haukedal: bh536@kyrkja.no. Passar det berre å delta ein av dagane, så gje beskjed om kva dag du kjem ved påmelding. Gje også beskjed seinast 9. mars dersom du har diettbehov.
Pris: 150 kroner per retreatkveld. Dette inkluderer middag og kaffi. Beløpet betalar du kontant eller på VIPPS når du kjem.
Praktisk informasjon
Søsterhjemmet, Ulriksdal 8. Gå under bogen i sørenden av Haraldsplass Diakonale Sykehus. Ta første dør på venstre side.
For retreat andre stader i landet, sjå www.retreater.no
Retreat er noko for deg som ønskjer:
- ein nærmare relasjon til Gud
- impulsar i ditt bøneliv
- samanheng mellom kvardagslivet og trua
