Gi ein brukt sykkel til Cuba

Bjørgvin bispedøme sender ein container til Cuba i haust der det bl.a. skal vera med 25 syklar. Vi samlar inn brukte syklar i tidsrommet 8. - 25. november. Meld di interesse i dag, så kan du får vera med på å bidra.

På bildet ser du biskop Halvor Nordhaug og vår Cuba-kontakt, rådgjevar for internasjonal diakoni, Kjell Ove Hatlem. Dei har besøkt landet og har god kontakt med Den lutherske kyrkja på Cuba.

- Det er veldig store behov i dette fattige landet. Det er mangel på både pengar og varer, så alt vi sender av det som står på ønskjelista til Den lutherske kyrkja i landet, vil vera til glede og nytte. Kyrkja har eit godt kontaktnett som kan ta imot og fordela det som kjem, fortel rådgjevar for diakoni, Kjell Ove Hatlem, som kjenner landet etter å ha vore på besøk rundt 30 gonger.

- Frakta av containeren er betalt av Den norske ambassaden, men vi må fylla den med syklar og ei rekkje andre varer. Syklane skal bl.a. brukast av tilsette i kyrkja og vil gjera arbeidsdagen meir effektiv.

Har du ein sykkel å gi bort, må du først registrera deg (vi har ikkje plass til meir enn 25 syklar). Sjå lenke til registrering nedst på sida.

Lever deretter sykkelen til kontroll på Pedalen sykkelverksted så snart som mogeleg i tidsrommet 8. - 25. november.
Adresse: Daniel Hansens gate 7, 5008 Bergen
Telefon: 926 86 742

Tidsrom: Tirsdag 8. nov. - fredag 25. nov.
Tirsdag og onsdag: 08:30 – 17:00
Torsdag: 08:30 – 18:00
Fredag: 08:30 – 16:00
Merk sykkelen "CUBA" og gje ditt namn og tlf.nr til Pedalen. Vis samtidig billett frå Checkin. 
Betal 350 kr til Pedalen for kontroll og godkjenning.
Service kostar i snitt kr 1000,- i tillegg. Om du evt. er villig til å betale det også, så vipps til 96005 og merk med prosjektnr. 351002 og "sykkel". 

Takk!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"