– Kyrkja er bærar av håp i ei utroleg verd, og i lys av dette, vil vi møtast for å gje kvarandre drahjelp og mot til det daglege arbeidet, seier stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit.
– Det har vore eit sterkt ønske om betre kontakt mellom dei lokale råda og bispedømerådet, seier Fjelltveit som fortel at det var veldig gode respons på ei tilsvarande samling for sokneråda i samband med vigslinga av Ragnhild Jepsen til biskop. Dei to samlingane i haust har fått tittelen «Bjørgvinsamtalen».
Datoar og stadar:
- Laurdag 6. september i Vassenden kyrkjesenter, Jølster (for Sunnfjord, Nordfjord og Sogn)
- Laurdag 27. september i Skjold kirke i Bergen (for resten)
Praktisk informasjon
Bispedømerådet dekker deltaking og lunsj. I første omgang blir det opna for tre frå kvart sokneråd. Medlemer i fellesråd er del av eit sokneråd. Prostane er også inviterte. Dei har eit samordningsansvar.
Førebels program for «Bjørgvinsamtalen 2025»
10:15: Registrering og kaffi
10:45: Velkomen og presentasjon ved bispedømerådet sin leiar
11:15: Frivillige – kven er dei og korleis tenkjer dei?
Tor Kristiansen, tidlegare journalist i Bergens Tidende, har intervjua fleire menneske som har valt å vere med på frivillig arbeid. Han vil innleie med nokre tankar derfrå før vi tek samtalen i grupper.
12:30: Varm lunsj
13:30: Inspirasjon, forteljingar og samarbeid
- Korleis arbeider vi lokalt og andre stader i bispedømet? Samtalar og erfaringsdeling
- Vi deler forteljingar frå kyrkjelydar i bispedømet
- Korleis kan vi arbeida godt saman med andre, lokalt og regionalt`?
14:30: Pause med kaffi
15:00: Oppsummering
15:30: Gudsteneste med biskop Ragnhild
Tema: «Guds miskunn i møte med ei uroleg verd – Kyrkja som bærar av håpet»
16:30: Vel heim
Vi ser fram til å møtast - velkomen!