Finn arrangement nær deg
På kyrkja sin store felleskalender, skjerikyrkja.no, finn du oversyn over gudstenester og andre samlingar.
Dei fleste arrangementa i kyrkjene i Bjørgvin 1. og 2. november er gudstenester der det særleg vert gjeve rom for å minnast dei døde. Mange stader kan ein dessutan gå inn i kyrkja, tenna ljos, be, vera stille eller lytta til musikk.
Å leve med sorg i livet - temakveld i Foldnes
Foldnes kyrkje, Øygarden, 23. oktober kl. 19.00. Her får de høyre ulike perspektiv på sorg, forteljingar og verktøy. Det blir musikalske innslag og enkel bevertning.
Forestillinga "Med mine øyne" i Sæbø kyrkje
Når synet snur livet på hodet: Heidi Halvorsen kjem til Sæbø kyrkje laurdag 25.oktober kl 17.00. – «Med mine øyne» handlar om kordan eg som blind ser og opplever verda gjennom mine auge, fortell Heidi Halvorsen. Førestillinga er utvikla i samarbeid med Helga Samset og gjev et unikt innblikk i kordan det er å oppdage at ein mister synet.
Dei færraste opplever å mista synet i ung alder, men mange kjenner seg likevel att i ei oppleving av at livet ikkje vart slik ein tenkte og drøymde om.
Denne tematikken vert følgd opp i Sæbø kyrkje tysdagen etter, den 28., kl.19:00. Då samtalar Gudveig K. Sundsbø og Magne Bjørndal om å leva med avgrensingar, men likevel meiningsfylt. Samtalen tek utgangspunkt i Heidi og Magne sine erfaringar med synstap, men ein treng ikkje å vera til stades på førestillinga laurdag, for å ha utbyte av samtalen på tysdagstreffet.
Helgemessekonsert i Årdal
På Årdal kyrkjegard stiller Årdalstangen musikklag opp for å spela salmar kvar allehelgen. Laurdag 1. november kl. 17.00, stiller dei opp for 21. gong . Korpset held på ein halvtime før dei går rundt på gravplassen for å tenna ljos på gravene til avlidne medlemer av musikklaget. Det er mange som vitjar gravplassen på denne tida og som får med seg konserten. I tillegg er kyrkja open.
Temasamling om sorg for menneske med utviklingshemming
I Åsane kirke blir det samling lørdag 1. november kl. 11.00 - 13.00 for menneske med utvklingshemming. Tema er sorg.
Sorggrupper for barn og unge
Det er også tilbod om sorggrupper for barn og unge ein gong pr år, nye grupper etter haustferien (8 samlingar frå okt til mars). Nye grupper blir starta no, men det er plass om ein melder seg på no i oktober 2025.
Brosjyrer for tilboda i Bergen finn du via lenke nedst på sida.
Førstehjelp ved sorg
Førstehjelp ved sorg er ein ressurs med tips til korleis ein kan møta folk i sorg. "Førstehjelp ved sorg" er for alle. Klikk her for å lesa meir om førstehjelp ved sorg.
Sorggrupper
Sorggrupper.no er ein portal med oversyn over tilbod både til barn, unge og vaksne, er landsdekkande, og med oversyn over dei tilboda som er melde inn, frå både kyrkja og andre aktørar.
Samtale
Kyrkja sine tilsette er tilgjengelege for samtale. Ta kontakt med din lokale kyrkjelyd. Du kan også kontakta KIrkens SOS, sjå lenke nedst på denne sida.