Årsrapport som viser vekst

Årsrapporten for 2024 frå Bjørgvin bispedøme oppsummerer eit år prega av jubileumsfeiringar, auka deltaking på gudstenester og god oppslutning om konfirmantarbeid, undervisning, diakonale tiltak og kulturarrangement i kyrkjelydane.

Publisert:

Biskopen preikar på Moster 2. juni 2024 under feiringa av Kristenretten sitt 1000-årsjubileum. Det markerte starten på verdiåret som var sentralt i mykje av aktiviteten til biskopen og Bjørgvin bispedøme dette året.
Biskopen preikar på Moster 2. juni 2024 under feiringa av Kristenretten sitt 1000-årsjubileum. Det markerte starten på verdiåret som var sentralt i mykje av aktiviteten til biskopen og Bjørgvin bispedøme dette året.

2024 var eit år prega av store jubileumsfeiringar i Bjørgvin bispedøme. Kristenretten sitt 1000-årsjubileum og Landslova sitt 750-årsjubileum vart markert med ei rekkje arrangement, inkludert verdisamtalar i Bergen domkirke og verdiseglas langs kystpilegrimsleia. Desse feiringane sette fokus på dei kristne verdiane som har forma samfunnet vårt gjennom tidene.

Auka deltaking på gudstenester 

Årsrapporten viser ein auke i deltakinga på gudstenester, spesielt på julaftan, der fleire kyrkjer rapporterte om stor tilstrøyming. Det var også fleire gudstenester med nattverd, og talet på nattverddeltakarar auka for femte år på rad. Det er no i snitt fleire deltakarar i nattverdsmåltidet enn før pandemien. Talet på dåpshandlingar har auka med over fem prosent i høve til året før, om lag 6 av 10 fødde born i Bjørgvin vert døypte i Den norske kyrkja.

Born og unge  

Prosjekt som ungdomskonferansen Vegkryss og samarbeid med kristne barne- og ungdomsorganisasjonar har bidrege til å styrke ungdomsdemokratiet og skape trygge møteplassar for ungdom. Konfirmantleirar og storsamlingar med bispedømet sitt «Saman-team» har også vore viktige tiltak blant dei unge. 
Samla oppmøte i kyrkjeleg undervisning (trusopplæring) i høve til talet på medlemer 0-18 år er det beste ein har notert.

Diakoni og samfunnsengasjement 

Diakonalt arbeid har stått sentralt i 2024, med auka aktivitet innan sorggrupper, eldretreff og besøksteneste. I årsrapporten kan du lesa nokre gode historiar det som skjer i kyrkjelydane. Ein av dei er om prosjektet Kvild i Luster, som på grunnlag av kafédrift har skapet ein god møteplass.

Kultur og kulturarv 

Bjørgvin bispedøme har også styrka si rolle som kulturarena. Talet på konsertar og kulturarrangement i kyrkjene har auka, og samarbeidet om pilegrimsarbeid og opne kyrkjer har vore viktig for å bevare og formidle kyrkja sin kulturarv.

Rekruttering

Mykje arbeid går med til rekruttering av medarbeidarar. Ikkje minst er det ei utfordring å fylla ledige prestestillingar, sjølv om det heile tida kjem ein del nye medarbeidarar med høg kompetanse og vilje til å gjera ei teneste.  Det vert arbeidd systematisk med ressursfordeling, justering av talet på gudstenester i dei ulike kyrkjene (forordning) og nye arbeidsmåtar for å møta denne situasjonen. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"