Vegkryss og ungdomsting 2026

Praktisk informasjon

Frå:29.8.2026 - kl.09.30

Til:30.8.2026 - kl.13.15

Stad:

Arrangør:Ungdomsrådet i Bjørgvin bispedøme

Bli med på Vegkryss – ei helg i Bergen der du kan bli kjent med andre ungdomar i bispedømet, få inspirasjon og oppleve eit fellesskap utanom det vanlege. Velkomen!

På Vegkryss samlast ungdom frå heile Bjørgvin bispedøme for å bli inspirert, utfordra og kopla saman i tru og engasjement. Dette er ei helg for fellesskap, refleksjon og nye idear – der du får møte andre ungdomar som bryr seg om det same som deg.

Kva skjer?  

To dagar stappfulle av opplevingar – her er noko av det du kan gle deg til:

  • Fellessamlingar med band og lovsong
  • Engasjerande og kjekke seminar
  • Samtalar om tru og livet – ekte, ærlege og opne
  • Inspirasjon til ungdomsarbeid – ta med deg idear heim til kyrkjelyden din

Tid og stad

Dato: 29.–30. august 2025
Stad: Nykirken, Bergen (Strandgaten 197b)
Overnatting: Stad ikkje avklart enno

Vi overnattar frå laurdag til søndag.

Førkveld (for dei med lang reiseveg)

Har du lang reiseveg? Då kan du sjekke inn allereie fredag kveld.

Tid: Fredag kl. 19.30
Stad: Stad ikkje avklart enno

Det blir pizza, shuffleboard-turnering og sosialt program i eige lokale nær hotellet – ein fin måte å bli kjend før konferansen startar!

Pris

Kr. 500 for delegatar til Ungdomstinget
Kr. 700 for andre deltakarar

Program

Det er framleis under utvikling – men me lovar at det blir både meiningsfullt og morosamt!

Kven er det for?

Vegkryss er for deg som:

  • går på vidaregåande eller er eldre
  • har ein funksjon i ungdomsarbeidet i kyrkja di
  • eller er med på MILK, REACTION eller anna 10. klasse-opplegg

Ungdomstinget 

To delegatar frå kvar kyrkjelyd deltek på Ungdomstinget:

Tid: Laurdag kl. 12.00–17.00
Stad: TBA

Ungdomstinget blir halde på hotellet, medan andre deltakarar kan vere med på seminar i Nykirken.

Ungdomsrådet i Bjørgvin bispedøme kallar inn til Ungdomsting 2025.
Saker og saksdokument blir sende ut når dei er klare.

Kvar kyrkjelyd kan sende to delegatar.
Sjå Reglar for ungdomsdemokratiet i Bjørgvin bispedøme (lenke nedst på sida) for meir informasjon.

Påmeldingsfrist innan 12. juni

Etterpåmelding 14. august (ikkje garantert overnatting eller førstevalg på seminarar) 

Lenke til påmelding nedst på sida. 

Arrangør: Ungdomsrådet i Bjørgvin bispedøme 

Klikk her for påmelding
Frå Vegkryss 2025 i Nykirken. Foto. Henny Skaaland
Frå Vegkryss 2025 i Nykirken. Foto. Henny Skaaland