Bli med til Taizé

Praktisk informasjon

Frå:29.3.2026 - kl.00.00

Til:6.4.2026 - kl.23.00

Stad:Taizé - Frankrike

Arrangør:

KFUK-KFUM og Bjørgvin bispedøme samarbeider for første gong om å tilby ei eiga reise til Taizé! Denne turen er for ungdom frå 15 år og oppover, som har lyst på ei påske utanom det vanlege, og minner for livet!

Avreide med fly frå Flesland (Bergen) søndag 29. mars til Geneve eller Lyon, og derifrå buss til Taizé. Returen er måndag 06. april frå anten Geneve eller Lyon, til Flesland (Bergen). Deltakarane må sjølv ordna transport til/frå Flesland. 

Maks. 30 deltakarar.

Praktisk informasjon

To til tre vaksne reiseleiarar som får ansvar for kvar si gruppe med ungdommar. Om du har behov for oppfølging utover dette/andre behov, ber me deg om å ta kontakt med oss i forkant av påmeldinga, slik at me kan ha ein god dialog og samarbeida om å finna løysingar. 

Flytande påmeldingspris. I utgangspunktet kostar turen 9000 kr (8500 kr for dei som ved påmelding melder seg inn som medlemer av gruppa Taizé Bjørgvin som er ei gruppe tilknytta KFUK/KFUM, eller som er medlem i KFUK/KFUM frå før), men det kan komma eit påslag på maksimalt 2000 kr. Dette er på grunn av dei uføreseielege flyprisane, og kjem til å bli justert og informert om, så fort flybillettane er bestilte i desember. 

Påmeldingsfrist: 1. desember

Pris ikkje-medlem: 9000 kr (+ evt. ekstrakostnader for flybillettar, maks 2000 kr)
Pris medlem: 8500 kr (+ same som over)

Prisen er inkl. reise tur/retur Bergen - Taizé, mat og overnatting. Mat under reisa inngår ikkje.

Påmeldinga er bindande. Ved påmelding bind du deg til å betala heile prisen for reisa, utan høve til å melda deg av (utover dei første 24 timane etter påmelding). Du vil få første faktura, på 4000 kr., innan fem dagar etter påmelding. Det resterande beløpet blir sendt ut på ein ny faktura når me har bestilt flybillettane, og må betalast innan 31. januar 2026. 

Avmeldingsfrist: 24 timar etter påmelding.

Sjå lenke for meir informasjon om turen og Taizé

Fleire tusen unge samlast i Taizé i påska. No kan du vera ein av dei.
Fleire tusen unge samlast i Taizé i påska. No kan du vera ein av dei.