Fokus på kommunikasjon - Korleis kommuniserer me jul?
Praktisk informasjon
Frå:4.11.2025 - kl.10.00
Til:4.11.2025 - kl.11.00
Stad:Teams
Arrangør:Bjørgvin bispedøme, Borg bispedøme og Kyrkjerådet
Velkommen til eit digitalt møte med fokus på kommunikasjon og jul! Ope for alle!
Eit ypparleg høve til å få oversikt over tilgjengelege ressursar, og ferskt påfyll av inspirasjon og idear rundt kommunikasjonsarbeidet om jul og advent i 2025. I møtet får du også eit eksklusivt innblikk i den felles julekampanjen i år. I dette digitale møtet får du høve til å lytta, læra og bidra med eigne idear. Møtet er tilgjengeleg direkte på Teams, og i opptak* på Ressursbanken.no.
Program
- Kommunikasjonsarbeidet til kyrkja i jula - refleksjon ved biskopen i Borg, Kari Alvsvåg
- Felles julekampanje: Innblikk i julekampanjen i år, som har som mål å engasjera menneske til kyrkjegang på julaftan.
- Godt innhald i digitale og fysiske flater: Døme på godt innhald i sosiale medium, nettsider og presse
- Ressursar: Oversyn over tilgjengelege ressursar for å bli synleg gjennom trykksaker, tekst, bilete, nettsider med meir.
- Samtale: Snakk og utveksle idear med kollegaer frå andre stader i landet i digitale grupperom (*Her blir det ikkje gjort opptak)
Møtet er for: Deg som er medarbeidar i kyrkja, og jobbar med kommunikasjon digitalt og fysisk. Møtet handlar mest om digital kommunikasjon, men har også overføringsverdi for deg som jobbar mest med fysiske møteplassar og fellesskapar.
Arrangør: Møtet blir arrangert av Bjørgvin bispedøme, Borg bispedømme og Kyrkjerådet, og er ope for alle medarbeidarar over heile landet.
