Bli med på Vegkryss for ungdom

Vegkryss er ei helg i Bergen der du kan bli kjent med andre ungdomar i bispedømet, få inspirasjon og oppleve eit fellesskap utanom det vanlege. Vi oppmodar kyrkjelydane til å senda sine unge, og dei unge til å koma til Bergen 29. - 30. august.

Publisert:

God stemning på Vegkryss. Her frå Nykirken i 2025. Foto: Henny Skaaland
God stemning på Vegkryss. Her frå Nykirken i 2025. Foto: Henny Skaaland

På Vegkryss samlast ungdom frå heile Bjørgvin bispedøme for å bli inspirert, utfordra og kopla saman i tru og engasjement. Dette er ei helg for fellesskap, refleksjon og nye idear – der du får møte andre ungdomar som bryr seg om det same som deg.

Kva skjer?  

To dagar stappfulle av opplevingar – her er noko av det du kan gle deg til:

  • Fellessamlingar med band og lovsong
  • Engasjerande og kjekke seminar
  • Samtalar om tru og livet – ekte, ærlege og opne
  • Inspirasjon til ungdomsarbeid – ta med deg idear heim til kyrkjelyden din

Tid og stad

Dato: 29.–30. august 2025
Stad: Nykirken, Bergen (Strandgaten 197b)
Overnatting: Stad ikkje avklart enno

Vi overnattar frå laurdag til søndag.

Førkveld (for dei med lang reiseveg)

Har du lang reiseveg? Då kan du sjekke inn allereie fredag kveld.

Tid: Fredag kl. 19.30
Stad: Stad ikkje avklart enno

Det blir pizza, shuffleboard-turnering og sosialt program i eige lokale nær hotellet – ein fin måte å bli kjend før konferansen startar!

Pris

Kr. 500 for delegatar til Ungdomstinget
Kr. 700 for andre deltakarar

Program

Det er framleis under utvikling – men me lovar at det blir både meiningsfullt og morosamt!

Kven er det for?

Vegkryss er for deg som:

  • går på vidaregåande eller er eldre
  • har ein funksjon i ungdomsarbeidet i kyrkja di
  • eller er med på MILK, REACTION eller anna 10. klasse-opplegg

Ungdomstinget 

To delegatar frå kvar kyrkjelyd deltek på Ungdomstinget:

Tid: Laurdag kl. 12.00–17.00
Stad: Stad ikkje avklart enno

Ungdomstinget blir halde på hotellet, medan andre deltakarar kan vere med på seminar i Nykirken.

Ungdomsrådet i Bjørgvin bispedøme kallar inn til Ungdomsting 2025.
Saker og saksdokument blir sende ut når dei er klare.

Kvar kyrkjelyd kan sende to delegatar.
Sjå Reglar for ungdomsdemokratiet i Bjørgvin bispedøme (lenke nedst på sida) for meir informasjon.

Påmeldingsfrist innan 12. juni

Etterpåmelding 14. august (ikkje garantert overnatting eller førstevalg på seminarar) 

Lenke til påmelding nedst på sida. 

Arrangør: Ungdomsrådet i Bjørgvin bispedøme 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"