Vegkryss og ungdomsting 2025

Vi nærmar oss 60 påmelde til Vegkryss. Det er plass til fleire, så inviter ein ungdom til ei helg med musikk, action, samtalar og fellesskap på Vegkryss 2025 og Ungdomstinget i Bjørgvin 30. - 31. august i Bergen. Påmelding før 22. august.

Publisert:

Frå ungdomstinget i 2024. Foto: Vilde Marie Skjæveland
Frå ungdomstinget i 2024. Foto: Vilde Marie Skjæveland

På Vegkryss samlast ungdom frå heile Bjørgvin bispedømme for å bli inspirert, utfordra og kopla saman i tru og engasjement.

Kva skjer?  

To dagar stappfulle av opplevingar – her er noko å gle seg til:
🎸 Fellessamlingar med Band og lovsong 
🎤 The Voice-seminar – lær å bruka stemma di, både på scena og i livet
🏐 KRIK og Sport – bli med på aktivitet og moro ute og inne
💬 Samtalar om tru og livet – ekte, ærlege og opne
🔥 Inspirasjon til ungdomsarbeid – ta med deg idear heim til kyrkjelyden din

Tid og stad

Dato: 30.–31. august 2025
Stad: Nykirken, Bergen (Strandgaten 197b)
Overnatting: Clarion Hotel Admiral
Vi overnattar frå laurdag til søndag. 

Førkveld 

For dei som har lang reiseveg, er det mogeleg å sjekka inn på hotel Admiral allereie fredag kveld. Kl. 19.30 vert det pizza, shuffleboard-turnering og program i eige lokale nær hotellet.

Pris

Kr. 400 for delegatar til Ungdomstinget
Kr. 600 for andre deltakarar

Program

Det er framleis under utvikling – men me lovar at det blir både meiningsfullt og morosamt!

Kven er det for?

For deg som går på vidaregåande eller eldre og har ein funksjon i  ungdomsarbeidet i kyrkja di, eller om du er med på MILK, REACTION eller eit anna 10. klasse-opplegg i kyrkja di.

Ungdomstinget 

To frå kvar kyrkjelyd er delegatar laurdag kl. 12-17. Ungdomstinget samlast på hotellet, medan andre deltakarar har parallellprogram i Nykirken.

Ungdomsting

Når: Lørdag 30. august 2025

Hvor: Clarion Hotel Admiral

Ungdomsrådet i Bjørgvin bispedøme kallar inn til Ungdomsting 2025. Saksdokumenta er under utvikling og blir sendt ut når dei er klare. I utgangspunktet kan kvar kyrkjelyd sende to delegatar. Sjå Reglar for ungdomsdemokratiet i Bjørgvin bispedøme (lenke nedst på sida) for meir utfyllande informasjon.

Saker:

0125: What would Jesus do?

0225: Kirken for unge

0325: Fokussak 2026

Påmelding innan 22. august

Lenke til påmelding nedst på sida. 

Arrangør: Ungdomsrådet i Bjørgvin bispedøme

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"