Vigsling av Caroline Serck-Hanssen
Praktisk informasjon
Fra:23.8.2026 - kl.11.00
Til:23.8.2026 - kl.13.00
Sted:Sødorp kyrkje
Arrangør:
Caroline Serck-Hanssen vigslast til prest i Den norske kyrkja i Sødorp kyrkje, søndag 23. august kl. 11.00.
Serck-Hanssen har arbeidd som sokneprest i Sødorp og Kvikne sokn sidan 18. august 2025. Her vil ho også halde fram etter at ho nå får si endelege godkjenning.
Les meire om Caroline Serck-Hanssen her
Dette er ei stor og viktig hending for kyrkja vår. Ein ny medarbeidar skal vigslast til å forkynna Guds ord, forvalta sakramenta, dra omsorg for kvart medmenneske i sjelesorg og skriftemål, og dessutan rettleia og formana til ei levandre tru på Kristus.
Utanom ordinanden og biskop Ole Kristian Bonden, deltek desse under gudstenesta:
- Prost i Nord-Gudbrandsdal, Birgitte Bentzrød
- Leiar av Sødorp sokneråd, Liv Randi Sundhagen
- Leiar av Kvikne sokneråd, Kristian Ekre
- Sokneprest i Kvam og Skåbu, Benjamin Fjellheim Olsen
- Førsteamanuensis Teologisk fakultet UiO, Merete Thomassen
- Fungerande sokneprest i Vestre Gausdal, Trond Klaape
Kyrkjemusikar er Iren Falkenhaug.
Etter gudstenesta er alle velkomne til kyrkjekaffi.
Velkomne!
