Naturen lokka Odd Arne til Valdres

Odd Arne Skogen (59) er tilsett som sokneprest i Lomen, Røn og Slidre. Denne artikkelen er henta frå kyrkjebladet og er ei helsing frå nypresten til innbyggarane i dei tre sokna i Vestre Slidre.

Publisert:

Odd Arne Skogen (59) gler seg til å bli betre kjent med innbyggarane i Vestre Slidre. Foto: Hamar bispedømmeråd
Odd Arne Skogen (59) gler seg til å bli betre kjent med innbyggarane i Vestre Slidre. Foto: Hamar bispedømmeråd

Hei, til kvar og ein i Vestre Slidre

Eg er klar og eg gleder meg til å bli kjent med folket, kulturen og naturen i Vestre Slidre. Kjenner på at eg har komt godt igang. Dei eg har truffe har vore veldig kjekke – og det eg har sett og opplevd av kultur og natur, ser lovande ut! Eg er ikkje offisielt sokneprest i Vestre Slidre enda, men har eit vikariat fra 10. August til 1. desember.

Kven er så eg? Ja, kven er vi – korleis skal vi kort forklare kven ein er?? Tenk om du sjølv skulle presentere deg – kva ville du ha sagt? Det er ikkje lett – ein får aldri med alt og det er litt rart når ein heller ikkje veit heilt kva den andre vil vite. Dei som har hørt meg snakke, har høyrt at eg er sunnmøring. Eg er fødd for 59 år sidan og vaks opp i Spjelkavika - ein stor forstad, nærast ein drabantby i Ålesund.

Dei siste 15 åra har eg vore sjukehusprest i Ålesund. Det har vore ein samansatt og allsidig jobb med både pasientar, pårørande og personal som målgruppe. Eg har vore aleine som prest med over 3000 kolleger knytta til øvrig helsepersonell med ansvar både i somatikken og psykiatri. Så overgangen til kyrkjekontoret i Vestre Slidre har vore stor. Men alt handlar om møter med einskild menneske i ein gitt livssituasjon.

Fra 2004 til 2011 jobba eg mest med barn og unge i Spjelkavika etter at vi fekk midlar til å starte trusopplæring i fullskala. Det vil seie å lage eit tilbod til alle medlemmar i Den norske kyrkja fra dei vert fødd til dei er 18 år. Trusopplæringa kom i stand som ei følge av at det er kvart trussamfunn saman med foreldra som har ansvar for opplæringa av sine medlemmar/ barn og ikkje den offentlege skulen.

Med friluftsliv som drivkraft

Norge er eit tverrkulturelt land. Det er som vår avdøde konge sa det: "Noen tror på Gud, andre Allah, andre på alt eller ingenting." Men vi er alle nordmenn og skal leve saman med respekt for kvarandre. Vi har eit livssynsopent samfunn. Alle har vi eit livssyn og det er lov å tru og undre seg over livet i vid forstand. Det er ingen som har krav på sanninga med to strek. Det er særs viktig for meg som representant for majoritetskyrkja å vere bevisst. Kyrkja i Norge har utøvd mykje makt. Ikkje minst her i Valdres er historia både spanande og trist. Eg gleder meg til å lære meir om lokalhistoria og ikkje minst korleis folketrua er samansatt. 

Det vert ikkje heilt kronologisk og logisk oppbygd dette, men det er vel ikkje det viktigaste.... Målet er at de skal bli litt kjent med meg og da trur eg det er sentralt å fortelle forhistoria til mi første stilling som prest.

Eg vart ordinert i 1995 til å leie "Prosjekt friluftsliv" og fekk den uoffisielle tittelen "Friluftspresten". Det var eit samarbeidsprosjekt mellom KRIK (Kristen Idrettskontakt), Møre bispedøme og Spjelkavik kyrkjelyd. Ein ville over tre år prøve ut bruk av friluftsliv i leiartrening, stabsutvikling og lokalt kyrkjelydsarbeid blant anna konfirmantundervisning og ulike former for friluftsgudstenester.

Vil vere ein nær pendlarprest

Kan ikkje gå for mykje i detalj. De får heller spørre. Kanskje kan vi etterkvart ta inn noko av erfaringane til Vestre Slidre? Blant anna var det 125 konfirmantar som hadde heile konfirmanttida si ute det tredje året og der er framleis "Friluftskonfirmantar" i Spjelkavik. Det bygde mykje på frivillige og involverte mange som slik og skapte eit stort "Vi". Eg vart meir koordinator og lærte opp dei som stod i direkte kontakt med konfirmantane. Spanande måte å jobbe på som skapte stort engasjement. Bakgrunnen for heile prosjektet var mine efaringar i noko som heiter KRIK Villmark. Det er ei leiar gruppe i KRIK som arrangerer ulike turar i friluft til alle årstider, høgt og lavt, kort og langt, enkelt og ekstremt. Eg vart spurt om å vere med i den gruppa fra 1986 med bakgrunn i mi interesse for friluftsliv. Og den interessa har eg enda – om i ei mindre ekstrem form – og den var det som gjorde at eg er i Valdres idag. Det er utruleg flott her med variert natur og eg gleder meg.

Etter over 20 år i Spjelkavik og på min heimstad flytta vi til Arendal der kona mi kjem ifra. Eg har difor bustadsadresse 4818 Færvik på Tromøya. Eg blir difor pendler og er veldig spent på korleis det vil fungere. Eg skal gjere alt for at de skal merke det minst mogleg. Eg er og vil vere presten i Vestre Slidre og eg skal vere så nær og lett tilgjengeleg som mogleg. Du skal i alle fall få lov til å ringe og ta kontakt når du trenger det. Så kan det vere at eg ikkje kan stille opp så raskt som eg ideelt skulle ha gjort.

Eg gleder meg til tida som kjem og til å bli betre kjent med folket i Vestre Slidre.

Velkommen til oss Odd Arne!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"