- Det er heilagt arbeid du held på med

- Det er heilagt arbeid, eit guddomleg oppdrag frå Gud å sjå og høyre dei som treng det, sa preses Olav Fykse Tveit i sin preken i Oslo Domkirke da Kirkens Nødhjelp feiret 75 år.

- Håp handlar ikkje om å berre bruke større ord. Det handlar om å gjere Guds gjerning i denne verda, sa preses Olav Fykse Tveit i sin preken ved Kirkens Nødhjelps 75 års feiring i Oslo Domkirke. Foto: BM/TB

Kirkens Nødhjelp 75 år.
Festgudsteneste Oslo Domkyrkje
09. november 2022.
Preike  v/ preses Olav Fykse Tveit.
Tekst: Matt 5, 3-10

 

Holy work

“Remember, it is HOLY work you are doing”.

Ho såg meg skarpt inn i augene, og såg kanskje at dei var blitt litt trøytte. Arbeidet for rettferd og fred, for betre levevilkår for alle der ho budde, hadde ikkje gitt så mange synlege frukter vi ønskte.

«Hugs, det er heilagt arbeid du held på med».

«Holy work».

Det kunne stå som overskrift over dei 75 åra med Kirkens Nødhjelps arbeid.

Er det for store ord?

Det er heilagt fordi det er noko som må gjerast. Fordi det handlar om menneske.

Naud er naud. Menneske er menneske. Uavhengig av religion, politikk, land, kjønn, identitet. Dette har vore prinsippa frå første stund, og Kirkens Nødhjelp har stått fast på dei i åra som gjekk. Menneskets ibuande verdigheit – og rettigheiter, og dermed også behov, er noko heilagt.

Og difor har perspektiva vorte utvida til å seie: Rettferd er rettferd. Alle skal kunne oppleve det. Fred skal vere fred, meir enn slutt på krig. Det skal vere ein reell, rettferdig fred.

Det gjeld ikkje berre enkelte menneske, men også samfunn som skal byggjast opp slik at dei kan sikre liv og fellesskap, med rettigheiter og vern for alle.

Vi har grunn til å vere stolte av at Menighetspleienes Landsforbund starta innsamling for dei som var i naud også utanfor landets grenser for 75 år siden. Og at det vart noko som fekk namnet «Kirkens Nødhjelp».

Var det var ikkje nok å hjelpe Noreg på fote etter krigen, om ein ikkje skulle gå til Tyskland også? spurte vel nokon. Men slik vart det, og slik har det vore. Det er ikkje dei som vi meiner av ein eller annan grunn fortener hjelp - eller ikkje fortener det, som det handlar om, men kven som treng det.

Det er den samme retning Jesus peikar i bergpreika: Det handlar om kva menneske treng. Igjen og igjen høyrer vi: «Salige er dei som…» Det er deira liv og det dei lengtar etter, ja, hungrar og tørstar etter, det handlar om.  Dei som er fattige, dei som svelt, dei som sørgjer, dei som hungrar og tørstar etter rettferd.

Dei er dei salige, dei velsigna, dei som Gud ser, dei som vert helga med desse orda av Jesus. Det er menneske i alle sine ulike kriser, med det dei manglar. Dei er menneske med deira lengt overfor Gud.

Det er heilagt arbeid, eit guddomleg oppdrag frå Gud å sjå og høyre dei som treng det.

Kven viste seg som ei neste for han som var hamna mellom røvarar på vegen til Jeriko? spurte Jesus. Han spurte ikkje: Kven er vår neste som vi skal ta oss av - og dermed kven er utanfor denne kategorien «vår neste».

--

Men så er det noko meir å seie om dei det gjeld enn at dei er fattige, svoltne, sørgjande, lengtande, forfølgde.

Dei som vert tiltalte er både dei som treng å bli sett og dei som kan gjere noko med det.  Det er ei underleg samanblanding av å skildre mennesket med behov, svolt, tørste, fred – og å skildre menneske som kan skape forandring: Dei audmjuke, dei som hungrar og tørstar etter rettferda, det er dei barmhjertige, dei som skaper fred.

Men det er kanskje nettopp det som er poenget. Dei høyrer sammen. Dei som hungrar og tørstar etter rettferda og dei som skaper fred. Dei som svelt og dei som mettar dei. Det er då underet kan skje.

Kanskje er det rett og slett dei samme menneska. Jesus myndiggjer den som treng hjelp til også å vere ein person som kan gjere noko, som skal kjenne seg myndig og ta initiativ i sitt eige liv.

Dei høyrer sammen i «eit større vi», som vi kanskje ville sagt. Kanskje er det nettopp litt forvirring om kven som er subjekt og kven som er objekt som kan skape den forvandlinga vi treng? Dersom vi erkjenner at vi alle er sårbare, at vi er sårbare sammen, men også at vi må vere myndige sammen, så kan mykje nytt skje.

Dei som treng støtte er dei samme som kan definere kva det betyr.  Sammen kan vi seie: «It is Holy work we are doing».  Gud knyter heilage band mellom menneske på denne måten.

Det vert heilagt fordi det bind menneske saman som Guds skapning, som Guds elska menneskeslekt, som «the One Humanity».

--

Det har vel aldri før vore så tydeleg at menneske treng å sjå seg som èi menneskeheit, som når verdas leiarar desse dagane er samla i Sharm-el Sheik i Egypt. Det er «vi» som handle saman. Og ikkje berre handle sammen til beste for oss menneske, men for heile Guds skaparverk.

Alle som har makt og midlar vert no utfordra til å tenkje og handle som del av èi menneskeætt, meir enn nokon gong i verdshistoria.

Utfordringane er særleg store til oss i vårt land akkurat no. Verda ser mot slike som oss, som også har så mykje ekstra inntekter som følge av aukte prisar på energi i Ukraina-krigens kjølvatn. Vi kan ikkje bruke for mykje her heime for å ikkje øydelegge økonomi og verdiar her.

Vi er heile tida i ei større verd enn vårt land. Kirkens Nødhjelp minner oss heile tida om det. Det er ikkje nok å ønskje at folk ikkje skal svelte, at dei ikkje skal bli fattigare og få livsgrunnlaget smuldra bort av flom eller tørke. Vi må også gjere det vi kan, med dei midlane vi har. Som einskilde personar og som samfunn. Medan det enno er tid.

Det er det som kan skje, det som må skje – og som må verte meir enn ein draum.

--

Håpet er heilagt. Det verste ein gjer for eit menneske er å ta håpet frå det.

Difor trengst det ord som får oss til å tru på meir enn det vi no ser.

Men å håpe er ikkje å spekulere i prognoser om framtida. Å håpe er å elske. Det er å tru på Guds skaparmakt, på kjærleikens gjenskapermakt, i alle forhold. Vi trur på den oppstandne Kristus og hans makt til å gjere noko nytt.

Det heilage er her og no, ikkje berre noko som kjem etter tida.  Allehelgensdagen minna oss om det våre gode førebilete gjorde her i tida, før døden, og kva for heilagt arbeid dei gjorde. Men ofte såg dei det ikkje slik sjølve. På eit jubileum som dette tenkjer vi på mange som har gått føre oss i dette arbeidet i 75 år som vi feirer.  

Og vi tenkjer på dei mange som idag er sammen med oss om å vekkje håp rundt om kring i verda, som arbeider i og sammen med Kirkens nødhjelp.

Kirkens Nødhjelp høyrer til i den internasjonale og økumeniske organisasjonen ACT, Actions of Churches Together. Det handlar om å handle, derav «ACT». Det handlar om å vere kyrkje, å vise at vi tar Jesus ord og kall alvorleg. Det handlar om å vere kyrkje sammen, å handle som kyrkjer sammen.

Det gjer vi sammen med alle menneske av god vilje, seier ein stundom i slike samanhengar. Vel, vi har litt av kvart av vilje i oss alle sammen. Vi trur på Gud, og difor trur vi også på det godes gåte, at det gode verkeleg finst og kan få plass i det vi er og gjer.

Difor er det i lys av desse orda frå Jesus rett å snakke om «Holy work». Det er ikkje fordi dei han snakkar om er perfekte, men fordi dei søkjer det som er heilagt, det som er sant og godt og rett. Dei er audmjuke og veit at det er noko som er større enn dei sjølve, og som gir kraft til å gjere noko meir enn dei kan sjølve.

For håp handlar ikkje om å berre bruke større ord. Det handlar om å gjere Guds gjerning i denne verda.

“Remember that you are doing Holy work.»

Ikkje noko mindre enn det. Det er ingen andre enn oss til å gjere det no enn vi som lever i vår tid.

Men vi er ikkje åleine:

Ære til Faderen, Sonen og Den Heilage Ande - Skaparen, Frigjeraren og Livgjevaren, som var, er, og som kjem, èin sann Gud frå æve og til æve. Amen

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Bispemøtet

Besøksadresse:
Kirkens Hus, Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:
Mandag-fredag
kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse:
Bispemøtet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

E-post: bispemotet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Telefontider:
Mandag-fredag
kl. 09.00-15.00

Ansvarlig redaktør
Jorunn Strand Askeland (konst.)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"