Fykse Tveit: - Ein svært god biskop

- Hamar bispedømme får ein svært god biskop. Hamar får ein av sine eigne som biskop, sa preses Olav Fykse Tveit i sin hilsen til Ole Kristian Bonden da han ble utnevnt til ny biskop i Hamar bispedømme.

Fykse Tveit: - Ein svært god biskop

Helsing frå preses Olav Fykse Tveit til Ole Kristian Bonden, utnemnd av Kyrkjerådet 10. november 2022 til biskop i Hamar.

Hamar domkyrkje, 11. november 2022

 

På vegne av Bispemøtet gratulerer eg Ole Kristian Bonden med utnemninga til biskop i Hamar. Vi ønskjer deg hjarteleg velkomen til bispekollegiet og til samarbeid om dei oppgåvene du no får ansvar for, og dei vi har sammen. Vi ser fram til å stå i tenesta saman med deg, og til det du vil bringe inn i arbeidet med å vere leiar i kyrkja i vår tid.

Eg ønskjer også Hamar bispedømme til lukke med sin nye biskop. Hamar bispedømme får ein svært god biskop. Hamar får ein av sine eigne som biskop.

Du har solid støtte her når du går inn i desse oppgåvene. Det er ditt eige bispedømme, du kjem herifrå, du har så godt som all di tid som prest her, du er prost her, du er godt kjent her, og du har stor tillit her.

Du har arbeidd mykje med det som er kalla «stedegen» teologi, og vidare med stedegen liturgi for gudstenester og kyrkjelege handlingar. I dag må vi vel kunne seie at Hamar også får ein «stedegen» biskop. Du har levd lenge mellom dei du skal vere biskop for.

Du har både dialekten og nærleiken til folk i Innlandet. Du har ord på deg for å kommunisere godt der du møter menneske, i ulike samanhengar, både i og utanfor kyrkjerommet. Det kjem godt med som biskop, for du skal møte mange, og det er mange du skal samarbeide med. Det er mange som vil høyre kva du har å seie. Det er bruk for deg og alle dine gåver i dei oppgåvene du no har sagt det villig til å gå inn i.

Vi takkar for at du har stilt deg til disposisjon for denne prosessen og denne oppgåva. Eg takkar også dei fire andre gode kandidatane som Hamar bispedømmeråd hadde nominert. Utan gode kandidatar som er villige, kan vi heller ikkje velge gode biskopar.

No vart det deg. Då skal du gå inn i det som ligg framfor deg med frimod og tillit. Då vil det vere viktig at du minner deg sjølv om det du skreiv i din sjølvpresentasjon: Jeg bærer med meg en tro preget av tillit til Gud og håp for verden. Hald fram med det. Den får du bruk for. Den har mange bruk for i vår tid. Dette er ei kjerne i kva vår evangelisk-lutherske tru er, tillit til Gud og håp for verden. Så vart jo vedtaket gjort i går, på Martin Luthers fødselsdag, 10.november.  

No ønskjer vi alt godt for deg og dine, og vi ber om Guds velsigning på vegen framover til vigslinga, som vil vere her i Hamar domkyrkje sundag 29. januar neste år.

Olav Fykse Tveit
Preses

 

 

  

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Bispemøtet

Besøksadresse:
Kirkens Hus, Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:
Mandag-fredag
kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse:
Bispemøtet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

E-post: bispemotet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Telefontider:
Mandag-fredag
kl. 09.00-15.00

Ansvarlig redaktør
Jorunn Strand Askeland (konst.)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"