Det hastar!

Norge må vera med på dugnaden med å ta imot einslege mindreårige og barnefamiliar frå Moria-leiren på Lesbos. Det hastar!

Illustrasjonsbilde. Foto: Pixabay

Vi er takksame for og støttar oppfordringa frå 19 tidlegare statsrådar som ber Norge om å vera med og ta imot einslege mindreårige og barnefamiliar frå Moria-leiren på Lesbos i Hellas.

Fleire europeiske land, som Tyskland og Luxembourg, har starta med å hente ut nokre. Trass i Korona-krisa vil Tyskland og Luxembourg no hente ut henhaldsvis 50 og 12. Vi er klar over og støtter at Norge har gjeve og gir bistand til å handtera situasjonen i Hellas. Hellas treng også vår solidaritet.

Men vi må òg vera med på å ta imot nokre her.

Vi har nettopp feira påske der ein i kyrkja  stansar ved  Jesu kross. Gjennom dette minnest vi kyrkja si oppgåve til å kjenna att smerta og lidinga sitt ansikt lokalt og globalt. No påkallar ansikta til borna og dei einslege mindreårige i flyktningeleiren i Moria oss. Dei treng medkjensle og solidaritet.  

Vi oppfordrar regjeringa til at Norge skal vera med på dugnaden med å evakuera barnefamilar og einslege mindreårige frå Moria-leiren. Det hastar!

Biskopene i Den norske kirke
Kristin Gunnleiksrud Raaum, leder i Kirkerådet
Kristine Sandmæl, leder i Mellomkirkelig råd for Den norske kirke
Erhard Hermansen, generalsekretær i Norges kristne råd

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Bispemøtet

Besøksadresse:
Kirkens Hus, Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:
Mandag-fredag
kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse:
Bispemøtet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

E-post: bispemotet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Telefontider:
Mandag-fredag
kl. 09.00-15.00

Ansvarlig redaktør
Jorunn Strand Askeland (konst.)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"