Utøvarar og produsentar

Kyrkja ynskjer utøvarar og produsentar velkomne til produksjonssamarbeid. Du som er utøvar eller produsent lese meir om slike samarbeid på denne sida.

Konsert i Oslo domkirke, Oslo internasjonale kirkemusikkfestival. Foto: Laila Meyrick
Konsert i Oslo domkirke, Oslo internasjonale kirkemusikkfestival. Foto: Laila Meyrick

Eit produksjonssamarbeid med kyrkja kan vere: Konsert, utstilling, drama, dans, eller andre (sceniske) kunst- og kulturarrangement i ei kyrkje eller annan kultuarena. Velkomen til å ta kontakt!

Desse kan svare på spørsmål:

Kyrkja som utleigar

Kunst- og kulturverksemd er eit av kjerneområda til Den norske kyrkja. Ei av oppgåvene for dette området er utleige av kyrkjebygg til konsertar-, kunst- og kulturarrangement. Kyrkja har eit eige regelverk for dette.

Ved denne typen leige dukker det gjerne opp spørsmål både i kyrkja og hjå leigetakar. Det er utarbeida ei rettleiing til refleksjon kring kyrkja si leigeverksemd som potensielle leigetakarar også bør kjenne til. Sjå dokument under.

Økonomisk støtte

Den norske kyrkja har ikkje eigne produksjons- eller arrangementsmidlar. Økonomi til dette må søkjast innanfor det regelverk og dei ordningar som er oppretta for det allmenne kulturliv.

Rådgjevnad

Rådgjevnad overfor utøvarar/produsentar hjå bispedømmet sin kulturansvarlege i søknadsskriving forutset samarbeids- eller intensjonsavtale om prosjektet i ein eller fleire kyrkjelyd.

Ledsagerbevis

Ved samarbeid med kyrkjelyd og/eller leie av kyrkje til kulturarrangement, vert utøvarar/produsentear utfordra til å akseptere ledsagerbevisordninga. Les meir om ordninga her (Helsenorge.no).

FNs berekraftsmål

Kyrkja oppmodar utøvarar og produsentar til å etterleve FNs berekraftsmål. Meir informasjon om kyrkja som grøn og bærekraftig kulturaktør finn dykk her.

Rett til rimeleg betaling

Kunstnarar er ofte i en svakare posisjon enn sine avtalemotpartar i ein forhandling om honorar. Kunstnarar opplev at det forekommer ulike praksiser overfor dei og mellom dei ulike kunstfeltane. Men kva er rimeleg betaling, og kva ansvar bør det kunne forventast at produksjons- og visningsarenaene tar?

Den norske kyrkja ynskjer å være ein attraktiv og profesjonell aktør i samarbeid med utøvande kunstnarar og kulturarbeidarar. Dirfor inviterte Den norske kyrkja ved Kyrkjerådet til ein open samtale om korleis ein styrket kunstnerøkonomi bør og kan møtast av produksjons- og visningsarenaer.

Samtalen fant sted under Kulturytring 2023. Klikk her og se samtalen i opptak.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"