Sluttsal i nettbutikken

Sal av varer med ulike logoar til trusopplæringa og nokre publikasjoner vert flytta over frå Kyrkjerådet til IKO. I nettbutikken kan du no få fleire klede med logo til rabatterte prisar.

T-skjorter og ulike produkt med trusopplæringslogo kan du no kjøpe med rabatt i nettbutikken. Foto: Andreas Buarø/Den norske kyrkja

Sal av varer med ulike logoar til trusopplæringa og nokre publikasjoner vert flytta over frå Kyrkjerådet til IKO-Forlaget AS. I samband med denne fornyinga tek salet av t-skjorter og gensarar heilt slutt og lagerbehaldninga skal tømast med svært gode rabattar.

No har din kyrkjelyd mogelegheita til å sikre seg ulike modellar til halv pris. I nettbutikken finn ein mellom anna t-skjorter, collegegensarar, hettegensarar og hettejakker. Her er det første til mølla som gjeld. Ver merksam på at ulike modellar finst ikkje i alle storleikar. På kvar vare og storleik vil du sjå lagerbehalding. Kjøp i nettbutikken via materiell.kirken.no.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"