Legg julegudstenestene i skjerikyrkja.no

På skjerikyrkja.no skal alle kunne finne julegudstenester der dei er i Noreg. Kvart år er det meir enn to tusen gudstenester på julaftan i Den norske kyrkja, og no er om lag halvparten av desse publisert på skjerikyrkja.no. Er kyrkjelyden din sine arrangement på plass?

Legg julegudstenestene i skjerikyrkja.no

Akkurat no går det betalte annonser frå Den norske kyrkja som har som mål å invitere til jul i kyrkja. Les meir om kampanjen her. Den som trykker på annonsen, vil kome til skjerikyrkja.no si oversikt over julearrangement i kyrkja. 

Difor er det viktig at alle kyrkjelydar passar på at dykkar julaftanarrangement er tilgjengeleg på skjerikyrkja.

Gå inn på skjerikyrkja.no og ta ein sjekk – er alle våre arrangement på plass? Eller har vi ein jobb å gjere? Så langt er omlag halvparten av alle julaftangudstenestene publisert. Publisering kan gjerast på tre ulike måtar.

 

1. Gjennom Arrangørportalen

Arrangørportalen er Skjer i kyrkja sin eigen portal for å legge inn og endre arrangement i kalenderen. 

 

2. Gjennom Medarbeideren

Mange kyrkjelydar nyttar Medarbeidaren som system for planlegging av arrangement og aktivitetar. 

Bilete på arrangementa er eit krav på Skjer i kyrkja, fordi det gjev 40% større sjanse for vidaredeling. Om du ynskjer å endre arrangementet sitt bilete (som vert automatisk tildelt dersom bilete manglar), kan du endre dette ved å logge inn i Arrangørportalen: skjerikirken.no/portal

 

3. Gjennom Kardinal

Kardinal er fagsystem levert av Kirkedata. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"