Høyring om valreglar

Kyrkjerådet har sendt ut høyring om endring i valreglane. Høyringa spør mellom anna om når det skal vere førehandsstemming, tal på varamedlemmar og fristar for innlevering av listeforslag. Høyringa vert sendt til eit utval sokneråd og fellesråd i kvart bispedøme – men alle kan svare innan fristen 20. april.

Kyrkjerådet har sendt ut høyring om endringar i valreglane. Alle som ynskjer kan sende inn høyringssvar. Foto Torstein Kiserud / Den norske kyrkja.

– Det blir sendt ut mange høyringar frå Kyrkjerådet. Ein del seier at dei blir veldig slitne av alle høyringane, seier direktør i Kyrkjerådet Ingrid Vad Nilsen.

Difor blir det no gjort forsøk med å sende høyringa til eit utval. 

– Vi tek eit uttrekk av små og store kyrkjelydar over heile landet, like mange i kvart bispedøme, som får høyringa direkte. På denne måten vonar vi å kunne senkje den totale høyringsbyrda for alle, samtidig som Kyrkjerådet får eit breitt høyringsmateriale for det vidare arbeidet. 

Alle høyringar blir lagt ut på nett, og alle kan svare på dei høyringane dei ynskjar. I nyheitsbrevet som går ut til alle tilsette vil aktuelle høyringar stå nedst. 

Høyring om endringar i kirkevalgreglene

Kyrkjerådet vedtok på sitt møte i februar å sende endringar i kirkevalgreglane på høyring. Denne høyringa er sendt til ti sokneråd og fem fellesråd i kvart bispedøme. 

Alle som vil kan svare på høyringa. Fristen er 20. april.

Kyrkjerådet foreslår endring av når det skal vere førehandsstemming, mellom anna eit felles nasjonalt tidspunkt for førehandsstemming. Andre forslag er å endre kor mange varamedlemmer det skal vere i sokneråd med få medlemmer og nye fristar for innlevering av listeforslag og supplerande nominasjon.

Les høyringsbrev og høyringsnotat om endringane her:

Regler for valg av menighetsråd og leke medlemmer til bispedømmeråd og Kirkemøtet (kirkevalgreglene), og tilhørende endringer i kirkeordningen

Les meir om høyringa her

Regler for valg av sørsamisk representant til Nidaros bispedømmeråd og Kirkemøtet, og valg av Saemien Åålmegeraerie (sørsamisk menighet)

Les meir om høyringa her.

Regler for valg av døvemenighetenes representant til Oslo bispedømmeråd og Kirkemøtet, og regler om døvekirkelige organer

Les meir om høyringa her

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"