Frivilligmillionar er delt ut

Rett før sommaren fekk Den norske kyrkja 18 millionar frå regjeringa til å styrke det frivillige arbeidet i kyrkja. Pengane er utbetalt til fellesråda og må nyttast i løpet av året – gjerne i samband med ein nasjonal kampanje i september.

Alle fellesråd har fått utbetalt tilskot som skal gå til det frivillige arbeidet i kyrkja. Foto: Bo Mathisen

I juni fekk Den norske kyrkja eit ekstraordinært tilskot frå regjeringa. Tilskotet var øyremerka arbeide med frivillige i kyrkja, og pengane vart utbetalt i starten av juli.

Utbetaling til fellesråda

Kyrkjerådet fekk tildelt pengane og har i samråd med KA stått for fordelinga til fellesråda. Det vart nytta ein fordelingsnøkkel som har vore brukt før. 

I slutten av juni sendte Kyrkjerådet ut brev til alle fellesråda, som mellom anna omtalar forutsetnadane for å kunne nytte pengane, kva pengane kan nyttast til og kva dei ikkje kan nyttast til. Kyrkjerådet legg ikkje vesentlege føringar utover dette.

Kampanje i september

Det er ynskjeleg at pengane nyttast til eit felles "løft" for heile kyrkja når samfunnet vert opna att. Kyrkjerådet er difor igang med å planlegge ei nasjonal kampanje som vil vere synleg i dei to siste vekene i september. Kampanjen vil fokusere på at vi igjen kan samlast i kyrkjene til fellesskap – heilt utan avstand. 

Det vil mellom anna bli laga bilete, plakatar og postar til sosiale medier, som kyrkjelydar og fellesråd kan nytte. Meir informasjon om kampanjen og materiellet vil kome i starten av september. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"