Sjå vigslingsgudsteneste frå Hamar

Søndag kl. 11.00 vert Ole Kristian Bonden vigsla til biskop i Hamar. Det skjer i ei gudsteneste der H.M. Kongen og fleire frå det offisielle Noreg deltek. Du kan sjå gudstenesta på nett.

Ole Kristian Bonden er ny biskop i Hamar bispedøme. Foto: Den norske kyrkja.

Søndag 29. januar kl. 11.00 vert Ole Kristian Bonden vigsla til biskop i Hamar domkirke.

Han vart tilsett som biskop av Kyrkjerådet i november 2022. Dei siste åra har han vore prost i Sør-Østerdal prosti med Elverum som arbeidsstad.

– Eg vonar vigslinga kan verte ein fest for folkekyrkja, til glede og inspirasjon. For meg personleg vil vigslinga verkeleggjere at eg no vert biskop, men og vere ei påminning om at eg er omslutta av Guds nåde og forbøn frå kyrkja. Eg vil trenge det.    

Åpen gudsteneste

Vigslingsgudstenesta i Hamar domkyrkje er open for alle som ynskjer å delta, men det er avgrensa tal på plassar. Difor vert gudstenesta strøyma digitalt. Du kan sjå den på denne sida eller på Facebook-sida til Den norske kyrkja

Kva skjer i ei vigslingsgudsteneste?

Når ein biskop skal gå inn i si nye rolle, skjer dette gjennom ein høgtidleg vigslingsseremoni på ei gudsteneste i domkyrkja. 

Bispedømerådsleiaren Gunnhild Tomter Alstad vil framstille den nye biskopen. Deretter vil det verte lest frå bibelen om tilsynsoppdraget som biskopen har. Så vil den leiande biskopen, preses Olav Fykse Tveit, halde ein tale – før den nye biskopen skal avlegge sitt løfte som vert stadfesta med eit handtrykk. 

Etter handtrykket kneler den nye biskopen og vert beden for. Andre biskopar og gjestar er med i handspålegging. Etter dette vil den nye biskopen ta over leiinga av gudstenesta – som held fram med truvedkjenning, bibellesing, preike, bøn og nattverd. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"