Venneveko

«Vennskap er viktig. Du er viktig, og me treng kvarandre. Bli med å skape vennskap i Bjørnafjorden.» Slik inviterer kyrkjelyden og kommunen i Bjørnafjorden til Venneveko.

Roza, Lava og prest Anette-Emilie fotografert i høve Drop In / Leksehjelpen, som er ein del av Vennenveko, men også eit fast diakonalt tiltak i kyrkjelyden i Os. Foto: Ole Henrik Kongsvik OK FOTO

I slutten av november vart «Venneveko» arrangert for tredje gong i Bjørnafjorden kommune. Gjennom ulike arrangement og aktivitetar for innbyggjarar i alle aldrar vert det sett fokus på vennskap og inkludering gjennom heile veka. Det heile starta i 2019, då kyrkjelyden, tok initiativ til å utvide Diakoniens dag, som vert markert i ein rekke kyrkjelyder, til ei heil veke.
Diakon Ingrid Vik sto i spissen for det heile, og hadde diakoniutvalet i ryggen.
– Målet er å synleggjera diakonien i kyrkja vår, i tråd med diakoniplanen, og å arbeide med førebygging, relasjonsbygging og nettverksbygging. Det er viktig med eit medvit om at me alle kan bidra med noko viktig, og at me står saman om å ta vare på kvarandre. Ikkje berre kyrkja aleine, ikkje berre skolen eller barnehagane, men heile lokalsamfunnet, fortel initiativtakaren.


Sterkare saman

Venneveko er eit breitt arrangement der alle bidrar etter eigen kapasitet. Nokre døme på tidlegare arrangement er babytreff på eldresenteret; hemmeleg venn fleire stader; vennelunsj på SFO. På ein av skulane lagde heile 5.-7. klasse vennskapsband. Skravlekoppene har vore ein del av veka sidan 2019 og kommunen har vorte sertifisert som skravlekoppkommune. I 2019 var heile kommunehuset dekka av plakatar der det sto #VENNEVEKO med store bokstavar og det var hengd opp små dikt på speglane på toaletta. Det manglar altså ikkje kreativitet.
– Oppmodinga lyd som følgjer «Kva kan din bedrift, din skule, din barnehage, ditt idrettslag, og alle andre, bidra med? Klarar me alle å setje fokus på dette temaet i same veke, kan vi skape noko sterkt saman!», fortel diakon Ingrid.

Friskt pågangsmot trass i Covid19

I år har det vore stor spenning knytta til kva ein i praksis ville kunne gjennomføra. I 2020 vart det ikkje noko fysiske arrangement i høve Venneveko grunna Covid19-pandemien. I staden vart det laga ein film med stønad frå Kyrkjerådet. I tillegg vart det nokre forskjellige digitale arrangement, mellom anna i regi av UngArena. Det å ikkje kunne samlast ga også ein form for inspirasjon:
– Korleis me er til stades på nett et jo eit særs aktuelt tema no i koronatida, og me ser på om det kanskje kan være eit aktuelt tema å utfordre Barnevakten til eit samarbeid neste år. Nytt av året er også ei oppmoding om å bruke emneknaggen #venneveko om dei delar bilete og informasjon frå arrangement i Venneveko i sosiale media. Slik vert veka meir synleg, fortel diakon Ingrid Vik.
Uvissheita om ein kunne gjennomføra arrangement i 2021 gjorde at det vart lagt ekstra vekt på lav terskel for å bidra inn i årets venneveke, og oppmodinga var at alle skulle fokusere på dette viktige temaet innanfor dei rammene dei har. Samstundes har det ikkje mangla på ambisjonane: Nytt av året er det mellom anna at NMS gjenbruk planla for grøn fredag. Frå kyrkja si side var det planlagt for både koinonia for eldre, Språkkafé, open kyrkje og Torsdag i Tunet som opne arrangement.


Kyrkja si rolle i samfunnet

– Samarbeidet om Venneveko fungerer veldig fint. Eg har vald å vere frimodig på breitt samarbeid , fortel Ingrid. Då ho studerte gjorde ho eit kartleggingsarbeid på tvers av fagfelt med tanke på ungdom. – Sjølv om me ikkje er statskyrkje lenger, så er eg opptatt av at Den norske kyrkja skal ha ein naturleg plass i samfunnet. Og på den bakgrunn er det heilt sjølvsagt at eg i mi rolle som diakon kan ta initiativ som Venneveko. Me diakonar kan kan tørre å vere meir frimodige på at me har ein viktig kompetanse. Det er viktig at kyrkja er synleg. Hos oss har Barnevernet tatt kontakt for samarbeid om eit prosjekt innan førebyggingsarbeid som dei ynskjer å starte opp. Dette er nok av di at dei ser at me er innovative og gjer eit godt arbeid. Så no skal me altså starte ei samtale-/nettverkgruppe for foreldre og eg skal samarbeide med en familievegleier i kommunen, seier diakon Ingrid Vik entusiastisk.


Alle gode ting er tre

Målet med Venneveko er førebygging, relasjonsbygging og nettverksbygging. Dette skjer gjennom alt frå å jobbe med gode haldningar, å være til stades og gjennom involvering og synleggjering på ulike arenaer i kommunen med venskap som tema. Dette skal gjerast på ein inkluderande, morosam og venskapeleg måte. – Med Venneveko ynskjer me å vise at me er viktige for kvarandre, og at alle er like viktige. At kvar og ein kan vere med å bety ein forskjell for dei ein har rundt seg. Venneveko er no vorte arrangert for tredje gong, og er vel no offisielt for tradisjon å rekne? Dessutan er det viktig for oss å understreka at tanken er at Venneveko skal vere ein inspirasjon til å å ta vare på kvarandre heile året, avsluttar Ingrid.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"