Opnar dørene for demonstrantar

Trefoldighetskirken i Oslo opnar dørene for dei som demonstrerer mot vindturbinane på Fosen. I kyrkja kan dei varme seg, gå på do, smøre mat, lade mobilar og tenne lys for håp og rettferd.

Tre personer i samisk kofte og vinterklær går opp midtgangen i en murkirke

Trefoldighetskirken i Oslo ligg eit steinkast frå Olje- og energidepartementet. No har kyrkja opna dørene slik at demonstrantane kan få varme, lage mat og tenne lys.

– Når vi opnar dørene, er det eit svar på dei samiske ungdommane sitt ønske og at vi støttar deira utålmod knytt til dei pågåande menneskerettsbrota, skriv Trefoldighetskirken på si Facebook-side

Smører mat på kjøkkenet

– Tusen takk for at de opna! Det er heilt fantastisk! 

Det sa ein av demonstrantane som fekk kome inn måndagsmorgon, etter å ha demonstrert utandørs i kulda i fleire timar. Ungdommar frå Natur og ungdom fekk tilgang til kjøkkenet i kyrkja for å smøre mat til andre demonstrantar. 

Sidan torsdag har det vore demonstrasjonar i og utanfor Olje- og energidepartementet. Dei demonstrerer mot at staten ikkje har fulgt opp etter Høgsterettsdommen som sa at vindmøllene på Fosen er sett opp i strid med urfolksrettar. 

– Eit hinder mot forsoning

I januar sende Den norske kyrkja brev til Olje- og energiministeren om at domen i høgsterett må følgjast opp. I brevet som var signert leiar i Samisk kyrkjeråd Sara Ellen Anne Eira og preses Olav Fykse Tveit uttrykte dei bekymring for manglande oppfølging.

– Viss vi skal få eit reelt oppgjer med tidlegare feil ovanfor samane, må vi følge opp ord med handling. 

– Som kyrkje ser vi det som viktig å arbeide for forsoning, særleg for menneske som er utsett for krenkingar. Slik vi ser det, er det pågåande menneskerettsbrotet derimot eit hinder for forsoning.

Les meir om brevet frå preses og leiaren i Samisk kyrkjeråd her 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"