No er Ragnhild Jepsen biskop i Bjørgvin

Vestlands-bispedømet Bjørgvin har fått ny biskop. I dag vart Ragnhild Jepsen vigsla i ein høgtideleg seremoni i Bergen domkirke der H.M. Kong Harald, representantar frå det offisielle Noreg og kyrkjeleiarar frå inn- og utland deltok.

Ragnhild Jepsen vart vigsla i Bergen Domkirke 16. april 2023. Foto: Jens Z Meyer

– Dei blanke dagane ligg framfor oss!

Slik starta Jepsen si fyrste preike som biskop i Bjørgvin. Det er andre sundag i påsketida, og preika handlar om disiplane sitt møte med den oppstadne Jesus. Jepsen fortel om disiplane som strevde med å finne att livsrytmen etter at Jesus døyde på korset.

Når disiplane etterkvart skjønar at dei har møtt den oppstadne Jesus, forstår dei at liva deira vart endra.

– Det er ei kraft i oppstoda som kallar til forandring. Som kyrkje treng vi å fortelje kvarandre om iver og vilje til endring der evangeliet oppmodar oss til å gå med dei som treng oss, og bli verande hjå dei som ikkje har krefter til å gå, fortsette Jepsen i preika.

Ho seier at vi treng vitnemåla om nestekjærleik i praksis, i dei nære relasjonane og som medborgarar i ei verd som ropar etter rettferd.

– Vi treng å høyre kallet om å stå opp mot uretten; om å vere Jesu hjarteslag i verda.

Les heile preika her.

Trua er ikkje ei enkel løysing

Jepsen oppmodar til at vi må la oss inspirere av menneske som trur. Å høyre at det ikkje er så vanskeleg. Samstundes seier ho:

– Tru skal ein ikkje banalisere; å tru på den oppstadne Kristus er ikkje ei enkel løysing som gjev svar på elles uløyselege oppgåver. Men i lyset frå den oppstadne kunne vi kanskje også legge orda i vår munn slik Edith Södergren ein gong skreiv dei:

”Man frågar icke om Gud finns eller inte finns.
Man lägger helt enkelt sin lilla förstand åt sidan.”

– For ei veke sidan feira vi at grava var open – og Jesus var ikkje lenger der. Om det er vanskeleg å fatte, kan vi gjere som læresveinane: Møte det med tillit. Ta imot gåvene.

Ho avsluttar:  – Det er ikkje noko som høyrer dei ekstraordinære dagane til. Nei, det er noko som heldt gjennom alle dei vanlege dagane som livet består av – og heilt inn i døden. For Livet har sigra over døden!

Mange gåver

Festgudstenesta inneheldt mykje song og musikk. Dei medverkande var Bergen domkirke sitt jentekor, Bergen domkor, messingblåsarar og domkantorane Kjetil Almenning og Sigurd Øgaard. Tingingsverket "Sunniva kongsdotter" av Knut Vaage vart framført som ei gåve til biskop Ragnhild Jepsen.

Leiande biskop, preses Olav Fykse Tveit leia vigslinga der den nye biskopen avla løfte og vart beden for.

– Vi lever i ei tid der ikkje så mange kjenner godt til kva for ein skatt vi har å formidle. No treng vi ditt leiarskap, slik at vi fører vidare og fornyar våre måtar å feire gudsteneste på, og slik at mange ser kva for kvalitetar og verdiar som ligg i nettopp det, sa preses Olav Fykse Tveit i sin tale.

Han løfta òg fram dei mange gåvene Jepsen tar med seg frå Nidaros der ho har vore domprost.

– Du Ragnhild har mykje å kome med, du har mykje å gi vidare, fordi du er den du er. Med dine røter, med dine mange gåver, og no også med di erfaring som prest og domprost i Nidaros i mange år, og ditt arbeid med økumeniske og internasjonale relasjonar. Det er med god grunn store forventningar til di teneste her.

Les heile tala til preses her.

Tilsett av Kyrkjerådet

Det er Kyrkjerådet som tilset biskopar i Den norske kyrkja. Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum sa då Jepsen vart tilsett tidlegare i år:

– Det er historisk at Bjørgvin har fått si første kvinne som biskop. Ragnhild Jepsen er ein framifrå liturg og erfaren leiar som vil vere med på å utvikle Bjørgvin bispedøme.

På lunsjen etter vigslingsgudstenesta sa kyrkjerådsleiaren i si tale:

– Kjære Ragnhild. Du blir biskop i en verden som dirrer av smerte, og det føles som om det aldri har vært så mye menneskelig lidelse. Du blir en biskop med lang erfaring i å være tydelig i verdispørsmål og i å være en stemme for dem som lider og kjemper for sine rettigheter. 

Les hennar tale her.

Biskopen i Bjørgvin har ansvar for kyrkja i Vestland fylke. Ho har òg tilsyn med Sjømannskyrkja. Jepsen tek over etter Halvor Nordhaug som gjekk av for aldersgrensa 30. november 2022. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"