Denne månaden deltok Karin-Elin Berg, medlem av Borg bispedømmeråd og Kirkerådet, på Det lutherske verdsforbundet (LWF) sitt internasjonale seminar for leke leiarar. Seminaret samla 22 deltakarar frå lutherske kyrkjer over heile verda, og fann stad i Wittenberg og Genève. Samlinga er ein årleg møteplass for å styrkje forståinga av lek leiing, og legg til rette for erfaringsutveksling på tvers av kyrkjelege og kulturelle kontekstar.
Det allmenne prestedømet i praksis
Gjennom veka arbeidde deltakarane med tema knytte til leiing, teologi og kyrkja si rolle i samfunnet. Eit sentralt perspektiv var den lutherske forståinga av det allmenne prestedømet, som understrekar at alle døypte har ein plass og eit ansvar i kyrkja.
– Eg lærte mykje om korleis Luther tenkte om dei leke, og kvifor leke leiarar er ein så viktig del av den lutherske kyrkja, seier Berg.
Ulike rammer – felles erfaringar
Møtet med deltakarar frå ulike delar av verda gjorde eit sterkt inntrykk.
– Det var inspirerande å oppleve eit fellesskap på tvers av så mange ulikskapar, fortel ho.
Deltakarane representerte kyrkjer med svært ulike rammevilkår. Medan Den norske kyrkja er ei majoritetskyrkje, lever mange lutherske kyrkjer som små minoritetar.
– Sjølv om vi har ulike rammer for arbeidet i kyrkjene, finn alle løysingar ut frå sine føresetnader. Når ein høyrer om så ulike erfaringar, ser ein òg at det som først kan opplevast som ei styrke eller svakheit éin stad, kan snuast til det motsette ein annan stad, seier Berg.
Mangfald og einskap i gudstenestelivet
Fellesskapet kom òg til uttrykk gjennom felles gudstenesteliv og åndeleg praksis.
– Vi fekk erfare ulike liturgiske tradisjonar og uttrykksformer. Samstundes var vi samla rundt nattverden og Fadervår, sjølv om vi bad på kvart vårt språk. Det var sterkt å oppleve dynamikken mellom mangfald og einskap, seier ho.
Med blikket retta mot vidare arbeid
Som deltakar sit Berg att med ei tydeleg oppmoding for vidare arbeid i eigen samanheng:
– Vi må fokusere på det som held oss saman som kyrkje. Det kan vere store skilnader i det ytre, men evangeliet er felles.



1 av 3
