Kritisk til bruk av bistandspengar

– Norsk bistand i det globale sør vert svekka gjennom å finansiere mottak av flyktningar over bistandsbudsjettet, seier internasjonal direktør i Den norske kyrkja.

– Den norske kyrkja er glad for at regjeringa når målet om 1 prosent av BNI til bistand, seier internasjonal direktør Einar Tjelle. Foto: Den norske kyrkja.

– Den norske kyrkja er glad for at regjeringa når målet om 1 prosent av BNI til bistand, men saman med fleire aktørar på feltet er vi kritiske til at bistandspengar i enda større grad vert nytta på ukrainske flyktningar i Noreg.

Det seier internasjonal direktør i Den norske kyrkja, Einar Tjelle, etter at regjeringa la fram sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett i går. 

– Vi gler oss over Noreg sine bidrag til humanitær hjelp i Ukraina og ukrainske flyktningar. Samtidig må vi peike på at norsk bistand vert svekka når bistandsmidlar går til å finansiere mottak av ukrainske flyktningar i Noreg. Dette går i praksis ut over menneske i det globale sør som er verkeleg fattige. Dette er noko vi advarte mot for eitt år sidan også. 

Tjelle meiner regjeringa sine samarbeidspartnarar og Stortinget må ta grep i forhandlingane om budsjettet.

– I ei tid der Noreg tener svert godt på auka prisar på olje og gass, må Stortinget ta grep for å sikre at ikkje mindre bistandsmidlar kjem til fattige i det globale sør. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"