Åpna kyrkjene for ukrainske flyktningar

Krigen i Ukraina har drive tusenvis av menneske på flukt. Mange av dei har funne vegen til norske lokalsamfunn. Takka vere 2,5 millionar kroner frå regjeringa kunne kyrkja tilby enda fleire meiningsfylte aktivitetar til ukrainske flyktningar i 2022.

Fotokollasj: Frå nokre av dei 47 som fekk tilskot i 2022.

Etter at krigen brøyt ut i Ukraina i fjor, har Den norske kyrkja vore med på å tilby meiningsfylte fellesskap for ukrainske flyktningar over heile landet.

I 2022 fekk 47 kyrkjelydar og fellesråd tildelt pengar, i alt 2,5 millionar, til å tilby meiningsfylte aktvitetar for ukrainske flyktningar – som å lage og dele måltid saman, julegudsteneste på ukrainsk, folkedans og sommarleir.

Klikk her for å lese heile rapporten "Særskilt tildskudd til frivillighetens innsats for inkludering av nyankomne fra Ukraina".

Kort om tilskotet

  • Kultur- og likestillingsdepartementet ga i 2022 Den norske kyrkja eit eingongstilskot på 2,5 millionar kroner.
  • Pengane var øremerka arbeid med inkludering av ukrainske flyktningar gjennom å tilby aktivitetar og møteplassar.
  • Kyrkjelydar og fellesråd vart oppfordra til å søke.
  • Tilskuddssummane varierte frå 10 000 til 200 000 kroner.
  • Storleiken på tilskuddet vart mellom anna avgjort av talet på flyktningar som var busett i kommunen. 

Varierte aktivitetar i kyrkjelydane

Dei 47 kyrkjelydane og fellesråda planla og gjennomførte varierte aktivitetar for flyktningane og lokalsamfunna. Ulike typar måltidsfellesskap var i fleirtal blant tiltaka som fekk støtte.

Å lage mat saman og deretter dele måltidet gir ei felles oppleving på tvers av språklege og kulturelle barrierar.

Språkkafe og andre typar språktrening var og populære tiltak. Enkelte stader vart tilsette med kompetanse i ukrainsk språk fristilte frå andre oppgåver for å kunne bruke meir tid saman med  flyktningane.

Fleire stader vart kyrkjene opna for flyktningane, og det vart mellom anna arrangert julegudsteneste på ukrainsk og ortodokse gudstenester og samlingar.

Blant tiltak som gjorde flyktningane kjende med lokalsamfunnet var til dømes gardsbesøk, turgrupper, klatrepark, sykkeltur langs pilegrimsrute, folkedans og møte med lokale lag og organisasjonar. Blant dei mange andre tiltaka som fekk støtte, var ungdomskveldar, sommarleir og  skapande aktivitetar som juleverkstad og målegrupper.

Middag med ordførar, folkedans og julegåver

Gol og Herad sokn arrangerte velkomstmiddag med besøk av ordførar Heidi Granli, der det vart servert lokal småmat og lefsekling. På ei anna samling fekk flyktningane lære norsk folkedans, og det vart servert ukrainsk mat.

Alle dei ukrainske flyktningane som er busett i kommunen fekk også ei julegåve.

Fellesskap i Forsand

I Forsand sokn starta dei etter haustferien opp språkkafe saman med Flyktningtenesta i kommunen. Språkkafeen er open kvar måndag, og her møtest ukrainske flyktningar, andre i bygda som treng språktrening, og frivillige kafévertar.

Forsand har og arrangert juleverkstad der både folk frå bygda og ukrainarane var inviterte, slik at dei kunne knytte kontakt. Dei hadde ein flott kveld der dei laga masse julepynt, åt julegraut og pepperkaker, og praten gjekk godt.  

Kyrkja i lokalsamfunnet

Den norske kyrkje er til stades i alle lokalsamfunn, og byr på opne og tilgjengelege møtestader. Desse integreringstiltaka er gode døme på det. Midlane frå kultur- og likestillingsdepartementet er med på å gjere slike aktivitetar mogleg.

– Den norske kyrkja har eit samfunnsansvar som landets folkekyrkje. Vi skal stille opp for menneske i krise og ta vare på dei mest sårbare i samfunnet vårt. Desse pengane har vore med på å dekke behov som menneske på flukt frå krig har, seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum.

Klikk her for å lese heile rapporten "Særskilt tildskudd til frivillighetens innsats for inkludering av nyankomne fra Ukraina".

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"