- Er du døypt, er du og sendt

- Alle som er døypte er også sende, seier Kristian Due ved bispedømekontoret i Møre bispedøme.

Illustrasjonsfoto -  Dåp i Ila kirke i Oslo. (Foto: Sveinung Bråthen/Kirkerådet)

Han er ein av dei elleve misjonsrådgjevarane i Den norske kyrkja og tek aktivt del i Samarbeid menighet og misjon (SMM) som er eit organisert samarbeid mellom Den norske kyrkja og sju misjonsorganisasjonar.

Dei velkjende Jesus-orda frå Matteusevangeliet (kapittel 28, vers 18-20) vert lesne ved kvar dåp i Den norske kyrkja:
«Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Kristian Due arbeider ved bispedømekontoret i MøreDette vert omtala både som ei misjonsbefaling og ei dåpsbefaling. Det øvste organet i kyrkja har omtala sambandet mellom omgrepa slik:
«Slik vi blir døpt på grunnlag av dåps-/misjonsbefalingen, blir vi også døpt til selv å ta del i den. Vi har som kristne en identitet som personer som er sendt.» (Kyrkjemøtet 07/2012 "Misjon til forandring")

- Med reformasjonsjubileet i fjor som bakteppe, kan vi syne til lutherske kjelder for å understreka oppdragskarakteren ved livet i dåpen - det kristne kallet. Livet som døypt handlar både om å vekse nærare Gud. Samstundes handlar det om å vere tenarar for Gud og for nesten vår – både lokalt og personleg der vi bur, men og gjennom den verdsvide kyrkja. Samarbeid menighet og misjon (SMM) vil oppmode til større medvit om samanhengen mellom dåp og oppdrag. Vi anbefaler meir forkynning av dåpen i prestane sine preiker, seier Kristian Due (bilete), og legg til:

- Presten kan i preika si peike på den dåpshandlinga som nyleg har funne stad - og som alle har sett -, og ta for seg sendemotivet i dåpen. Det er mange høve til å få fram at dåpsbefalinga og misjonsbefalinga er to sider av den same saken, seier Kristian Due.

I Den norske kyrkja blir det døypt meir enn 30 000 barn kvart år.




Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"