Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elske kvarandre (1 Joh 4,11)
20. november vert transminnedagen markert, den internasjonale minnedagen for transpersonar som har mista livet som følgje av hatkriminalitet. Dagen er ei påminning om kor utsette transpersonar er i våre samfunn, og om at det er vårt felles ansvar å stå opp for menneskeverdet i alle samanhengar.
Som kristne er vi kalla til å møte alle våre medmenneske med omsorg, audmjukskap og kjærleik. Svært mange transpersonar opplever hatefulle ytringar og stigmatisering når dei uttrykkjer identiteten sin i det offentlege rom. Med Jesus som førebilete vert også vi utfordra til å stå opp for dei i samfunnet som vert utsett for urett.
Ei av Guds gåver til oss er det store mangfaldet i menneskeslekta. Det er ein rikdom som synleggjer Guds stordom. Vi er alle skapt av Gud, med alle våre skilnader, og er omslutta av Guds kjærleik og deler eit felles menneskeverd.
Kyrkja skal vere ein trygg stad for alle, der menneskeverdet vert løfta fram og Guds kjærleik til alle vert formidla. Transminnedagen minner oss om at ikkje alle opplever det slik. Bispemøtet vil på nytt uttrykkje si forplikting til å arbeide for dette.
Bispemøtet i Den norske kyrkja, 12.-18. oktober 2026
Olav Fykse Tveit, preses
Stein Reinertsen, visepreses og Agder og Telemark biskop
Ragnhild Jepsen, Bjørgvin biskop
Kari Alvsvåg, Borg biskop
Ingeborg Midttømme, Møre biskop
Herborg Finnset, Nidaros biskop
Ole Kristian Bonden, Hamar biskop
Svein Valle, Sør-Hålogaland biskop
Sunniva Gylver, Oslo biskop
Stig Rune Lægdene, Nord-Hålogaland biskop
Tor Magne Nesvik, konstituert Stavanger biskop
Sveinung Hansen, konstituert Tunsberg biskop
