Nobels fredspris 2026 går til Navi Pillay for hennar mangeårige innsats for menneskerettar, rettferd og internasjonal rett. Olav Fykse Tveit og Einar Tjelle meiner tildelinga peikar på noko av det mest grunnleggjande i arbeidet for fred i verda.
– Nobels fredspris til Navi Pillay er svært fortent, og svært viktig i vår tid når folkeretten er undergravd så mange stader. Ho har vore heilt sentral for å utvikle og gjennomføre internasjonal rett som felles normer for korleis vi kan arbeide for rettferdig fred og eit betre ordna verdssamfunn, seier Tveit og Tjelle i ei felles fråsegn.
Dei viser til at Nobelkomiteen si grunngjeving understrekar kor omfattande og viktig innsatsen hennar har vore gjennom fleire tiår.
– Nobelkomiteen si grunngjeving viser kor viktig og omfattande hennar innsats har vore, ikkje minst i felles internasjonale organisasjonar og institusjonar som verda treng, seier preses Olav Fykse Tveit.
Tveit peikar særleg på arbeidet hennar mot apartheid-regimet i Sør-Afrika som eit døme på kva arbeid for folkeretten kan oppnå.
– Hennar bakgrunn og svært viktige arbeid i å motarbeide og avvikle apartheid-regimet i Sør-Afrika er eit lysande døme på kor mykje arbeid for folkeretten kan bety, seier han.
Preses møtte sjølv Navi Pillay då han var generalsekretær i Kyrkenes verdsråd og ho var FN sin høgkommissær for menneskerettar. Respekt for folkeretten har vore eit sentralt tema i det felleskyrkjelege arbeidet for fred og rettferd, mellom anna gjennom Kyrkenes verdsråd og samarbeidet med Pillay og hennar kollegaer i Genève.
– Dette temaet kjem også fram i fleire fråsegner frå Mellomkyrkjeleg råd og Bispemøtet i Den norske kyrkja dei siste åra. At Nobelkomiteen løfter fram dette arbeidet no, understrekar kor aktuelt og nødvendig det er, seier generalsekretær Einar Tjelle.