Kyrkja mobiliserer etter jordskjelv i Venezuela

Det lutherske verdsforbundet og kyrkjelege aktørar arbeider tett saman for å gi naudhjelp og støtte etter jordskjelvet som har råka sårbare lokalsamfunn i Venezuela.

Publisert:

Det lutherske verdsforbundet er på plass i La Guaira i Venezuela med naudhjelpsarbeid. Foto: María Laura Caballero / LVF.
Det lutherske verdsforbundet er på plass i La Guaira i Venezuela med naudhjelpsarbeid. Foto: María Laura Caballero / LVF.

Etter jordskjelvet i Venezuela er behovet for hjelp stort. Øydelagde lokalsamfunn, familiar som har mista alt, og ein allereie sårbar befolkning, pregar situasjonen. Gjennom Det lutherske verdsforbundet (LVF) sitt internasjonale arbeid vert det no gjeve kritisk naudhjelp til dei som er ramma.

Den evangelisk-lutherske kyrkja i Venezuela, som er medlem av LVF på same måte som Den norske kyrkja – står midt i krisa. Samstundes opplever kyrkja styrke gjennom det globale fellesskapet av kyrkjer som no bidreg i hjelpearbeidet.

– Dei sterke inntrykka frå Venezuela av øydelagde lokalsamfunn, familiar som har mistet alt, og ei allereie sårbar befolkning som no vert ramma enda hardere, berører oss djupt, seier Einar Tjelle, generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd.

Gjennom LVF sitt samarbeid i ACT Alliance, der òg Kirkens Nødhjelp er ein sentral aktør, vert det no arbeidd med å nå fram til dei som treng hjelp mest. Arbeidet omfattar både akutt naudhjelp og støtte til lokalsamfunn som skal byggjast opp att etter katastrofen.

Tjelle oppmodar til forbøn i situasjonen: – For dei etterlatne, for dei som leitar etter sakna, og for alle som arbeider med redning og naudhjelp. 

Den globale kyrkja står saman i møte med katastrofen, og Tjelle understrekar kor viktig fellesskap og solidaritet er når kriser rammar.

– Bli gjerne med å gje økonomisk støtte til hjelpearbeidet, om du kan, seier Tjelle.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"