Søndag 22. november kl. 11.00 er det vigslingsgudsteneste i Stavanger domkyrkje.
Då vert Tor Magne Nesvik vigsla til biskop i Stavanger bispedømme.
Open for alle
Gudstenesta er open for alle som ynskjer å delta.
Det er avgrensa med plassar, og difor er alle oppmoda til å møte opp i god tid. Dørene opnar kl. 09.45 for inviterte gjestar og kl. 10.15 for øvrige. Det er ikkje tillate med sekkar, store vesker og liknande.
Musikk, forbøn og løfte
Når ein biskop skal gå inn i si nye rolle, skjer dette gjennom ein høgtideleg vigslingsseremoni. Det er preses Olav Fykse Tveit, som leier vigslinga med løfteavlegging og forbøn.
Stavanger domkor, Stavanger domkirkes guttekor og gruppe fra Stavanger domkirkes pikekor synger, leia av Markus Tähti Dunseth og Jorunn Lovise Husan. Organistar er Ingrid Berg Tobiassen og Arnfinn Tobiassen, medan messingblåsere er Mari Tyvand, Kristine Brennesvik-Karlsen, Vegard Havnen og Sander Gimse.
Følg gudstenesta digitalt
Vigslingsgudstenesta vert strøyma direkte. Du kan sjå den i videospelaren på denne sida.
Sendinga vert også tilgjengeleg i opptak.
