I samband med ein planlagd studietur er biskopane i Den norske kyrkja inviterte til audiens hos pave Leo XIV i Vatikanet den 26. august.
– Det er ei stor ære å bli invitert til audiens, seier preses Olav Fykse Tveit.
Audiensen har kome i stand etter eit initiativ frå Vatikanet sin utsending til Norden, den apostoliske nuntius erkebiskop Julio Murat.
Bispemøtet i Den norske kyrkja dreg den siste veka i august på sin første studietur til utlandet på fleire år. Dei skal først vitje Sant’Egidio-rørsla i Roma før dei reiser vidare til Taizé-kommuniteten i Frankrike. Temaet for studieturen er unge vaksne og økumenikk.
– Pave Leo XIV og hans forgjengarar er leiarar for den katolske kyrkja, men dei er òg sentrale leiarar i heile kristendomen i vår tid, meiner Fykse Tveit.
Mange felles interesser
Preses meiner at den katolske kyrkja og dei lutherske kyrkjene har eit godt samarbeid:
– Vi har felles interesser på ei rekkje område, også innan fredsarbeid i verda. Vi ser fram til å samtale om viktige tema, ikkje minst om korleis unge kan vere med og forme kyrkja vidare.
Som ein del av besøket i Vatikanet vil biskopane òg møte kardinal Kurt Koch, som leier Dikasteriet for fremjing av kristen einskap. Dikasteriet arbeider også med relasjonane til andre religionar, mellom anna jødedommen. Bispemøtet fekk i 2024 overlevert ei utgreiing om Den norske kyrkja i møte med jødedom og jødar.
– Vi er glade for initiativet frå den katolske kyrkja som gjorde dette mogleg. Dette blir òg eit høve til å formidle at pave Leo XIV er velkomen til det komande tusenårsjubileet, avsluttar Fykse Tveit.
