Det norske misjonsselskap (NMS) var samla til generalforsamling i Bergen i slutten av juni. Her vart det mellom anna signert ny avtale mellom NMS og Den norske kyrkja.
På konsert i Grieghallen fredag 26. juni, heldt preses Olav Fykse Tveit apell om fred og misjon. Les apellen her:
Berre freden er heilag!
Verda treng fred. Og verda treng «misjon». Begge deler. Av mange grunnar. For dei heng i hop.
Freden handlar om hus og heim, liv og helse, alt som vi har kjært. Det gjeld for oss, og difor like mykje for kvart enkelt menneske i verda.
Misjonen gjer at vi løftar blikket, ser utover oss sjølve, utanfor kjøkkendøra og utanfor kyrkjedøra, ut over alle slags grenser. Der ser vi etter Guds bilete i alle menneske, skapte til å leve saman med sitt menneskeverd og med sitt mangfald. I fred.
Vi kallar oss Den norske kyrkja og Det norske misjonsselskap. Vi høyrer heime her. Og «her» er for nokon i Bergen, mange av oss i Noreg, og i denne forsamlinga mange i andre land. Men vi høyrer alle heime i den eine store, verdsvide kyrkja. Den eine, heilage, allmenne og apostoliske kyrkja, som er Jesu Kristi kropp i verda.
Det er denne Jesus som seier til oss som følgjer han: «Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born.» (Matt 5,9)
Fred er ikkje eit lite ord om Gud, innimellom mange andre. Det er eit ord som samlar bodskapen i Bibelens mange ord. Gud er fredens Gud. Gud vil gi liv og Gud vil verne det livet som utfaldar seg i alt som ligg i ordet fred: shalom, salam.
«Rettferd og fred skal kysse kvarandre», heiter det i Salme 85. Freden treng rettferda, som f ramme for alt det livet kan vere og gi oss.
Vi kan ikkje be Gud gi det daglege brød til oss, og ikkje til alle dei andre. Det daglege brød, slik Luther tolkar det i katekisme, handlar om alt det Gud gir oss som vi treng for å leve. Til det høyrer fred i alle slags relasjonar vi er i som barn, foreldre, arbeidar, naboar, vener, folk og nasjonar.
Freden og rettferda møtest i Bibelforteljingane, frå Kain og Abel-forteljinga, til bileta om oppgjeret med imperiet som misbruker si makt i Johannes Openberring.
Det er fredens sak det gjeld. Fred med kvarandre, fred med Guds skaparverk. Fred med Gud.
Når den oppstadne Kristus møter att dei som sveik og svikta han seier han: «Fred vere med dykk!»
Vi treng alle Guds nåde. Å dele denne bodskapen kallar apostelen Paulus «forsoningas teneste». Gud har forsona verda med seg. Vi er forsona med Gud. For å forsonast med kvarandre.
Difor er freden heilag. Den kjem frå Gud, som ei Gudegåve. Og difor er fred også oppgåva Gud har gitt oss menneske.
Misjonen har alltid hatt som sitt oppdrag å gjere det ein kan for at livet for menneska vert betre, med betre helse, meir utdanning, meir kunnskap, meir håp. Det har alltid vore ein konsekvens av å dele evangeliet. Ikkje som eit meir eller mindre effektivt middel for å få andre til å tru misjonærens bodskap, men som eit uttrykk for forsoningas teneste.
Misjon eller politikk? I oppdraget for livets og fredens Gud, er ikkje det første spørsmålet kva vi ikkje skal gjere for å svare på kallet. Men nokon gonger handlar det om å seie «nei» til urett og ufred, høgt og tydeleg.
Det farlegaste av alt her i verda, er om kristen tru vert brukt til å begrunne undertrykking og vald, og til å gjere krigen «heilag». Uansett kva namn på gud som vert nytta, er det like farleg. Då kan det til slutt bli ingen grenser for kva ein meiner er lov.
Fleire av våre kristne søsken opplever at akkurat det skjer i verda i dag. Våre kristne søsken i Ukraina og i Palestina har fortalt meg korleis det er når kristne og kyrkjer stiller seg bak krigen mot dei, deira menneskerettar og menneskeverd. Det er eit under at dei overlever, og endå meir at trua overlever. Men det viser at dei trur på fredens Gud.
Verda treng ikkje kyrkja eller misjonen som årsak til ufred.
Verda treng misjon som tar evangeliet om Guds fred og frelse med over alt - til alle.
«It is holy work you are doing». Det sa ei palestinsk kvinne til meg på eit besøk i Betlehem. Vi var der for å støtte vår søsterkyrkje der, for saman med dei å tale rettferdas og fredens sak.
Holy work. For fred, for fredens Gud.
Det er nok å gjere!
I kveld har vi også sett at ein kan ikkje skape fred utan musikk. Det handlar om det som kan få fram det sant menneskelege, som kan knytte oss saman.
Gå med Guds fred!

