Avskjed for stavangerbiskop Anne Lise Ådnøy

På Anne Lise Ådnøy sin siste arbeidsdag som biskop i Stavanger, vart ho takka og hylla for å ha opna opp, inkludert og vist menneske vegen inn i kyrkja. Les preses si helsing frå gudstenesta her.

Publisert:

 Foto: Ivar Barane / Stavanger bispedømme
Foto: Ivar Barane / Stavanger bispedømme

Anne Lise Ådnøy vart vigsla til biskop i Stavanger i 2019. Sju år seinare vart tenesta avrunda med ei høgtideleg avskjedsgudsteneste i Stavanger domkyrkje med takk, ettertanke og sang. Etter gudstenesta var det mottaking i Stavanger hall.

Under gudstenesta heldt preses Olav Fykse Tveit helsing til Anne Lise Ådnøy. Han trekte linjene tilbake til vigslinga hennar i 2019 og peika på korleis orda ho då brukte, har kome til uttrykk i biskoptenesta.

– Du har gjort det du sa då: «Eg likar å forkynne det gode bodskapet om at Gud vil at alle skal bli frelste, og at Jesus har vist oss at Gud ikkje gjer skilnad på folk.» Det er denne viljen til å dele evangeliet og til å opne kyrkja som har prega deg. Og du har nådd inn til mange. Nokre har sagt rett fram at du har gjort det lettare å tru, sa preses. 

Les helsinga frå preses her

Helsing til biskop Anne Lise Ådnøy ved avslutningsgudstenesta i Stavanger domkyrkje, sundag 19. april 2026

Når Anne Lise Ådnøy i dag avsluttar si teneste som biskop i Stavanger bispedømme, vil eg på vegner av Den norske kyrkja og bispekollegiet takke for lang og trufast teneste og for godt samarbeid.

Dette er ein milepæl i ditt liv, biskop Anne Lise. Dette er også ein dag for å takke og glede oss over dette vesentlege kapitlet i Stavanger bispedømme og i kyrkja vår, desse sju åra du har vore biskop her.

Du har vore oppteken av kva kyrkja skal vere, slik det heiter i vår kyrkjeordning og strategi: «Den norske kyrkja er ei vedkjennande, open, tenande og misjonerande folkekyrkje, som vitnar i ord og gjerning om frelse, fridom og von i Jesus Kristus.» På ein særleg tydeleg og strategisk måte har du fått fram kva det inneber. Det har prega di preste- og prostegjerning i 35 år, og no di bispegjerning i 7 år.

For du har gjort det du sa då du vart vigsla: «Jeg liker å forkynne det gode budskap om at Gud vil at alle skal bli frelst, og at Jesus har vist oss at Gud ikke gjør forskjell på folk.» Det er denne viljen til å dele evangeliet og til å opne kyrkja som har prega deg. Og du har nådd inn til mange. Nokon har sagt rett fram at du har gjort det lettare å tru.

Du har hatt evne til å vise i praksis at desse fire målsetjingane høyrer nøye saman: Vedkjennande, open, tenande og misjonerande. Det er mykje nettopp her i Stavanger bispedømme med si lange historie som kan samanfattast slik. 900-års jubileet for domkyrkja og bispedømmet, og for byen Stavanger, har fått fram akkurat dette. Og du har stått i spissen for å få fram denne profilen og samanhengen. Det er som open folkekyrkje midt mellom folk, for alle folk, og for alle slags folk, at vi viser kven det er vi trur på. Oppdraget er her og no, og i den verda vi lever i, saman med alle gode krefter og for alle menneske.

Kyrkja må få tydeleg fram det som er det heilt sentrale i vår tru og vår vedkjenning til den treeinige Gud. Det har du ikkje tatt lett på. Det gjeld i forkynninga, i gudstenestefeiringa, i ulike grep for læring og undervisning, i tydelege diakonale prinsipp og tiltak, og ikkje minst i oppdraget med misjon.

Du har drive fram at kyrkja må vere tenande. Vi er kalt til å vise Guds kjærleik i praksis. I diakonale tiltak, i arbeid for rettferd og solidaritet med våre medmenneske, og med ansvar for å ta vare på skaparverket no og for komande generasjonar. Du har opna opp for andre og det dei treng.

Du har sjølv måtte gå gjennom stengde dører. Som kvinne og prest og biskop, og som talsperson for andre som trengte å merke at dei også høyrer heime i kyrkja med heile seg. Så har Gud opna dører for deg, til arbeid og oppgåver, og til hjarta hjå mange. Du har gjentatt at det er rom for usemje for fleire syn i kyrkja, når vi kan anerkjenne og respektere kvarandre. For vi deler det store kallet og den gode bodskapen. Du har vist at dette går fint både som målsetjing og i praksis. Det har kosta deg noko, men du har også vunne mykje respekt – og manges kjærleik.

Du sløsar ikkje med ord, men brukar dei svært medvite og gjennomtenkt. Du lar Ordet i bibeltekstane kome fram på eigne premissar. Du finn ord derifrå, og frå annan litteratur, som får sagt det du har på hjarta, ofte kort og pregnant. Du brukar ord når du skal bruke dei. Mange har opplevd di omsorg nettopp slik. For du kan få fram at vi menneske djupast sett har mykje til felles i møte med livet slik det er. Du likar å gå saman med andre, både i bokstavleg forstand og i overført tyding.

I dag takkar vi for at du har gått dette vegstykket saman med oss som hyrde og biskop. Vi takkar Gud for at han kalte deg til å gjere det, og at du svarte ja.

På ein slik dag vert vi minna om det som lyder ved vår dåp:

Må Gud velsigne din utgang og din inngang, no og til evig tid!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"