Minnegudsteneste på allehelgen

På allehelgensdag heldt preses Olav Fykse Tveit preike på minne- og forbønsgudstenesta i Akershus slottskirke, i samband med Forsvarets minnedag.

Publisert:

Preses Olav Fykse Tveit talte i Akershus slottskyrkje allehelgensdag. Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret.
Preses Olav Fykse Tveit talte i Akershus slottskyrkje allehelgensdag. Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret.

I Den norske kyrkja vert det årleg halde rundt 1200 gudstenester på allehelgensdag. Mange stader er det tradisjon for å lese opp namna på dei som har blitt gravlagd det siste året. 

Forsvarets Minnedag vart markert på Akershus festning. I gudstenesta i slottskyrkja vart namna på dei som har falt i tenesta det siste året lest opp av forsvarssjefen. Kong Harald V var eitt av dei namna som vart lest opp. Kong Haakon VIII tente lys. 

Preses Olav Fykse Tveit preika med utgangspunkt i bibelteksten med "saligprisningane". 

Les heile preika her

Preike på Forsvarets minnedag

Helgemesse, 1.11.26, Akershus slottskyrkje

På ein minnedag ser vi bakover på det som var, og kjenner på sår og savn. Det gjeld særleg de som er her og har mista ein av dei vi minnest spesielt i denne gudstenesta.

På denne minnedagen høyrer vi orda: «Salige er de som sørger, de skal bli trøstet.» Det er ein lovnad, frå Gud. Livet kan gå vidare utan den vi har mista. Det er ikkje eit enkelt slagord, men eit inderleg håp. Og det vi håpar på, det har vi også ansvar for å ha som mål for det vi gjer. Vi kan alle trøyste. Utan og med ord. Det som vi skjønar er gjort i omsorg og kjærleik, varmar.

Vi ser faktisk også framover på ein minnedag. Når vi minnest tek vi fram våre minner om dei som var og det som var vårt liv sammen med dei. Døden skil oss frå kvarandre. Men på ein minnedag ser vi også etter kva vi vil ta med oss vidare inn i ei framtid som vi ikkje kjenner.

HM Kong Haakon gjorde det då han mintest sin kjære far, Kong Harald, i talen til Stortingsrepresentantane forrige veke. Han nemnde tre ting som han håper at vi alle kan ta med oss:

«Alle mennesker er like mye verd.

Vi må ta godt vare på hverandre.

Prøv å være deg selv.»

Slik minnest vi alle Kong Harald. Han hadde evne til å gi andre menneske mot. Det som har levd i heile hans regjeringstid, hugsar det han har sagt og gjort. Men det som skjedde i haust, vil vere med og forme også nye generasjonar. Våre barnebarn fekk også oppleve blomsterhavet på

Slottsplassen. Dei hadde skjønt at kongen var veldig snill, og nokon skreiv det på sine kort dei hadde med. Det vert ein viktig referanse for kva som skal ha verdi i livet vidare.

Forsvaret går føre i å vise kor viktig det er å minnast. Det skjer med desse minnedagane, og at vi alltid tenner Forsvarets minnelys når vi har gudsteneste her i Akershus slottskyrkje. Vi ærer dei som er borte. Og slik vi vernar vi om alle menneskes verd. Spesielt minnest vi dei som har stått i teneste for Konge og fedreland i Forsvaret.

Når vi minnest prøver vi å halde godt tak i det som er sant om det som var.

Sanning er det første offer i ein krig. Dessverre ser vi at ikkje berre menneskeliv, men også menneskets verdi også vert ofra. Dessverre lever vi i ei verd der det heller ikkje er så om å gjere å snakke sant.

Men ein god minnekultur kan vere ei motkraft. Det gjeld sanninga om det livet som er levd, og om tragedier som vi har opplevd. Den lange veggen med bilete og namn og litt personalia i Kiev gjorde eit uttsletteleg inntrykk på meg. Der og på andre minnestader i Ukraina vert det viktig å fortelle sanninga, om dei som er falt, og sanninga om det som har skjedd. Det enkelte menneskets verd skal takst vare på, også etter at ein er død. Ved å minnast.

-

I møte mellom det som var og det som vi vil ta vare på vidare ligg det ei sterk kraft. Noko kan bli tydelegare. Noko vert nesten meir kjært enn det var då vi tok livet for gitt. Og vi kan kome til å sjå tydelegare noko av det som kan vere vanskeleg i eit menneskeliv.

-

Desse orda vi høyrte frå starten av Jesu bergpreike les vi når vi feirar Alle helgens dag, slik som i dag. Vi minnest dei som har gått føre oss. Vi ser bakover og takkar for den samanhengen vi lever vårt liv i, frå generasjon til generasjon. Og vi vert utfordra til å sjå framover, kva for verdiar tel mest?

Jesu ord er ikkje eit glansbilete av livet. Sjølv om det ordet han opnar alle setningar med er «salig». Salig er eit ord som vi kanskje brukar, i så fall om vi er nærast overlykkeleg for noko, det vere seg eit godt måltid, eller vi har hatt ei vakker naturoppleving. Men det er noko meir i dette ordet. «Blessed» - «velsigna» heiter det på engelsk. Det er eit ord med større perspektiv, som

får fram det beste Gud gir. Det gjeld det som likevel skal vinne fram som noko godt, ofte på tross av det vi ser og opplever.

Jesus talar om dei sterkaste håp og djupaste lengsler vi har. Salige er dei som hungrar og tørstar etter rettferda. Salige er dei som skaper fred. Det er ikkje enkle livsoppgåver. Men desto viktigare.

Det er sterke og vakre ord som kan også få oss til å ha eit blikk på kva som verkeleg gjeldt, dei store spørsmåla i livet. Mens vi lever.

PÅ Alle helgens dag minnest vi dei førebilete vi har. Nokon av dei vert kalla helgenar. Ein av dei helgenar som vi minnest nettopp i år, er ein som har gjort desse verdiane til sentrum av den kristne trua. Frans av Assisi døydde for 800 år sidan. Han løfta fram ansvaret for å skape fred og rettferd. Han dro til sultanen i Kairo for å møte i det vi i dag kanskje ville kalle inter-religiøs dialog. Han ville stoppe korstog amot muslimar og jødar. Han viste at dei fattige og sjuke hadde same menneskeverd som andre. Han tok Jesu ord i bergpreika på særleg alvor.

Eg var i Assisi denne vekea saman med religiøse leiarar frå heile verda og ulike religionar for å be om fred, og for å drøfte kva kan religion og religiøse leiarar bety i så måte. Pave Leo helste forsamlinga og minte om at ingen krig er heilag, og at dialog må alltid vere eit alternativ. Det var 40 år sidan det første møte av denne type skjedde – i Assisi. Vi reflekterte over at fred ikkje er tema på same vis som då. I dag er det mange som reknar krig og krigshandlingar som noko som berre høyrer med i dagens verden.

Desto viktigare er det at vi arbeider nettopp med fred og rettferd som mål. Og lengtar etter det, håpar inderleg på det.

Det kan verke som om det er tale om urealistiske mål og verdiar i desse formuleringane frå bergpreika. Men det er eigenleg svært sterke ord, nettopp som motkraft mot dei krefter som vil fremme den sterkaste sin rett.

-

Det er ein lengsel, ein slags draum, i Jesu ord. Måtte det berre bli slik! Og måtte vi vere mellom dei som bidrar til fred og rettferd for livet her på kloden.

Denne lengten, ja draumen om det godes kraft, som vi møter i Jesu salgprisningar, minner meg om det som er kåra til det diktet som er mest kjært av oss nordmenn. For meg er det ein tekst som også minner meg på

mine røter på ein dag som dette, ikkje minst på grunn av språket. Minner handlar om stader, steinar, ting, men også om ord, uttrykk, språk. Olav H Hauges språk er mitt morsmål. Saman med mor og far «snakte me harding heima» i alle år. På ein minnedag skal vi la lengten og draumen få ordet:

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

OLAV H. HAUGE / FRÅ DIKTSAMLINGA «DROPAR I AUSTVIND»

Gud har gitt oss menneske evnen til å håpe. Difor takkar vi Gud, også på denne dagen.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vere skal, èin sann Gud frå æve og til æve. Amen

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"