Gratulerer med dagen!

17. mai er Noreg sin nasjonaldag og festdag i kyrkja! Etter to år  med pandemi kan vi endeleg feire som vanleg. Bli med på gudsteneste i kyrkja der du bur eller på radio – og bli med å be takkebøna for landet vårt, grunnlova og fridomen.

Gratulerer med dagen! Foto: Von kommunikasjon / Den norske kyrkja.

Nasjonaldagen 17. mai er ein stor festdag i bygd og by. Hipp, hipp, hipp hurra!

Over heile landet inviterer kyrkja til gudstenester og markeringar. Besøk skjerikyrkja.no eller søk opp lokalkyrkja si nettside eller sosiale medier for å finne ut kva som skjer der du bur. 

17.mai-gudsteneste på NRK Radio

NRK sender gudsteneste på radio kl 12.03. Festgudsteneste frå Nidarosdomen i Trondheim. Gudstenesta er eit gjenhøyr fra grunnlovsdagen i 2019, og dåverande domprost, Ragnhild Jepsen, held preika.

Høyr gudstenesta på NRK P1+, i radioappen eller din DAB-radio. Trykk her for å lytte til gudstenesta i NRK Radio på nett her.

Finn gudsteneste på skjerikyrkja.no

Skjerikyrkja.no er nettstaden der du lett kan finne ut kva som skjer i kyrkja der du bur. Her er det meir enn 600 gudstenester og arrangement på nasjonaldagen.

Du kan bla gjennom alle arrangement, velje kommune eller søke i søkefeltet. Trykk her for å opne skjerikyrkja.no og å sjå kva som skjer på 17. mai! 

Be dagens bøn for 17. mai

I Den norske kyrkja finst det ei unik bøn for kvar merkedag gjennom året og dagane i kyrkjeåret. Du kan vere med å be bøna for 17. mai.  

Nådige Gud, takk for landet vi bur i, for grunnlova vår og fridomen.

Vi bed deg: Lat namnet ditt vera heilagt blant oss. Vak over landet vårt, vern oss mot hovmod og lær oss å vera gjestfrie.

Gje alle folk og nasjonar på jord eit verdig liv i fridom og fred, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve.

Amen.

kyrkja.no/be kan du tenne eit lys eller skrive ei bøn på den digitale bøneveggen. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"