- Du får oppleve kva kristen tru er. Kristendom blir meir enn berre ein del av eit skulefag.
- Konfirmasjonsdagen er berre din - og du har ein dag der du vert stadfesta for den du er. Ein dag som ikkje er bursdag, men ein heilt spesiell dag der alt er for deg.
- Du får oppleve eit nytt fellesskap med andre på samlingar, leir eller weekend, og vert kjent med nye menneske - og kanskje du får ein ny ven?
- Du får engasjere deg for andre menneske. Dette gjer du mellom anna ved å delta i fasteaksjonen, deer du kan vere med å samle inn pengar til reint vatn saman med Kirkens nødhjelp. Du får også lære kva vi kan gjere for å ta vare på jorda og klimaet vårt.
- Konfirmasjon er ei fin anledning for at dei som er glade i deg kan feire deg og det du betyr for dei.
- Du får tid til å reflektere over store spørsmål, og bli kjent med kva du trur på - og kva verdiar som er viktige for deg i livet.
- I konfirmasjonstida snakkar ein om sorg og glede, om både store og små spørsmål i livet.
- Vel du konfirmasjon i kyrkja får du mogelegheit til å tenke sjølv. Du får tid til å reflektere, tenke kritisk og sjølvstendig over kva kristen tru er, og kva du trur på.
- Som ein konfirmant sa "Å konfirmere seg kristeleg gjev liksom litt meir meining". Du vert ein del av eit større fellesskap.
- Du møter folk med forskjellige meiningar og ulike bakgrunnar, og saman med dei lærer du noko felles.
Ti gode grunnar til konfirmasjon i kyrkja
Her er ti gode grunnar som konfirmantar seier om kvifor dei vel kyrkjeleg konfirmasjon.
![Bli konfirmant i kyrkja! Foto: Von/Kirkerådet](/globalassets/%20nasjonale%20bilder%20og%20blokker%20%20fri%20bruk%20%20ikke%20last%20opp%20her/kirkelige%20handlinger/konfirmasjon/konf22%20-%20artikkelbilde%20-%20b%C3%B8ler%20kirke%20-%20foto%20von%20skr%C3%A5strek%20kirker%C3%A5det8.jpg?width=800&height=448&quality=80&contId=6213075)
Bli konfirmant i kyrkja! Foto: Von/Kirkerådet