Seremonigang

Ei gravferd i Den norske kyrkja har ein gudstenesteleg karakter. Dei einskilde liturgiske ledda, utsmykking, symbol og blomar, femnar både livet til den som er død og den kristne trua. Sentralt i seremonien er overgjevinga til Guds kjærleik som er sterkare enn døden. Den liturgiske fargen ved gravferd er fiolett.

Seremonigang
 

Gravferda startar med preludium (inngangsmusikk), salme, nokre innleiande ord og ei bøn. Etter det framfører ein av dei pårørande eller presten minneord. I begge tilfelle vil det vera naturleg å kombinera informasjonen om den som er død med forteljingar om kva ho eller han har hatt å seia for dei som stod han/ho nær. Under minneorda er det også høve til å ha andre korte helsingar, kransepålegging, opplesing og lystenning.

Etter minneorda er det gjerne ein salme eller eit musikkinnslag før presten eller ein av dei pårørande les frå Bibelen, og presten held ein kort tale ut frå eit skriftord. Det blir så bedt ei bøn før alle ber Fadervår saman. Deretter kan det vera eit musikkinnslag eller ein salme. Ved gravferder og ved sørgjehøgtider andre stader enn i krematoriet, blir kista boren ut under postludiet. Det er vanleg at representantar for den nærmaste familien eller vener av avdøde er med og ber kista.

Ved kistegravferd er det også skriftlesing ved grava før presten ber ei bøn og kista blir senka. Så følgjer jordpåkastinga. Under dette leddet kastar presten jord på kista tre gonger og seier: «Av jord er du komen, - til jord skal du bli, - av jorda skal du atter stå opp.» Ved bisetjing for kremasjon kan jordpåkastinga skje i kyrkja/kapellet.

Deretter les presten eit ord frå Bibelen. I dei fleste gravferder les ein orda frå 1. Peters brev i Det nye testamentet. Dei same orda les ein òg ved dåpshandlinga i kyrkja: Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode fråd ei døde» (1. Pet 1,3).

Så fylgjer velsigninga og salme. I krematoriet har ein nedsenking etter siste salmen, deretter følgjer jordpåkasting, skriftord, velsigning og salme.

Retning for sorga
Etter eit dødsfall er det ulike skikkar og tradisjonar for kva dei pårørande ønskjer av ritual. Tilsette i den lokale kyrkjelyden og i gravferdsbyrået kan vera gode samtalepartnarar og gje rettleiing. Dei pårørande kan ta del i å stella den døde, og ein kan òg halda ein båreandakt i løpet av dei første dagane. Saman med gravferda kan desse handlingane gje eit verdig og tydeleg avskil med den døde. Dette kan vera ei hjelp for dei pårørande i dei første skritta vidare, og til å gi sorga og sørgjetida ei retning.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"