Ulvik kyrkje

Ulvik kyrkje

Ulvik kyrkje, som vart innvigt i 1859, er ei krosskyrkje med enkle empireformer og tårn i vest. Kyrkja er godt bevart i opphavleg form utvendig, bortsatt frå sakristiet som er påbygd seinare.

Ulvik kyrkje er oppført i utvendig panela laft av byggmeister Chr. O. Valand etter typeteikningar av Linstow.

I kyrkjerommet er det samanhengande galleri i tre korsarmar. Korskiljet, som består av to dekorerte søylar og ein høg skranke med dreidde stolpar, vart sett inn i 1923. Lars Hæve frå Voss laga treutskjeringane i korbogen. Interiøret er rikt dekorert av Lars Osa i 1921-1923, med rosemåling og blant anna måla evangalistar i koret. 

Altertavla er tredelt og i nygotikk stil, med måleri av Nedtakinga frå krossen av Anders Askevoll frå 1876, etter ein orignal av målaren Lazerge. I kyrkja heng de også eit epitafiom, eller ei minetavle, over Thomas Samuelsen Uro, sokneprest i Ulvik frå 1652 til 1667, med hustru og åtte barn. Bildet er frå 1650 og er måla av Elias Fiigenschaug.

Kjelder: NIKUs kyrkjeregister

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Ulvik sokn

Ulvik Sokn

Storøyni 6

5730 Ulvik

Tlf 56.52.68.00

E-post: kyrkjeverje@ulvik.kyrkja.no

Ope: ma-ti og to-fr kl. 08.00 - kl. 15.30

Org.nr. 976.994.965

Bankrek.nr. 3450.24.00632

Vipps 125390

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"