Informasjon om Gravferd
Ved dødsfall melder ein ønske om gravferd til kyrkjekontoret. Mange nyttar eit gravferdsbyrå, men det er også høve for pårørande å gjera mykje sjølve. Kyrkjeverje hjelper til med å finna eigna gravstad. Inntil vidare gjeld særskilte ordningar som omfattar smittevern som følgje av Covid-19. Kontakt oss om du har spørsmål! Ulvik kyrkjelege fellesråd er gravferdsmyndigheit og har ansvar for gravlegging uavhengig av tru og livssyn. Fellesrådet forvaltar og har driftsansvar for alle gravplassane i Ulvik herad. Har du spørsmål om gravferd kontakt oss på e-post: kyrkjeverje@ulvik.kyrkja.no eller ring på tlf. 56.52.68.00, måndag, tysdag, torsdag og fredag mellom kl. 08.00 og kl. 15.30.