Vedtekter for gravplassene i Ulvik herad

Vedtekter for gravplassane i Ulvik Herad. (forskrift) Jfr. Lov av 7. juni 1996 nr 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravferdslova § 21). Vedteke i Ulvik sokneråd 13. november 1997 endra 26. april 2018 og 22.08.2019 Godkjende av Bjørgvin bispedømeråd (13. februar 1998) endringa godkjend 15. mai 2018 og 27.05.2020. Endringar godkjende av Ulvik Herad 01.04.2020.

  • 1    Soknerådet ved kyrkjeverja styrer med gravplassane og har ansvaret for at det regelverket som gjeld, vert fylgt. Dersom soknerådet finn det ynskjeleg, kan det oppnemnast særskilde utval til å ta seg av einskilde saker i samband med gravplassane.
  • 2    Kyrkjeverja og gravaren fører gravplan og gravregister.
  • 3    Alle som er fastbuande i heradet når dei døyr, får fri gravplass. Avlidne personar i heradet skal gravleggjast på den gravplassen dei soknar til. Tilvist grav er utan kostnad. Dette gjeld òg om den avlidne på grunn av sjukdom eller alder har butti eit anna sokn eller i ein annan kommune mot slutten av livet. Det kan søkjast til soknerådet om gravplass for personar som var busette utanfor heradet. Dei må då betala fastsett kostnad og festeavgift frå den dagen frigrava vert teken i bruk. 
  • 4    Fredingstid for urner er 20 år. Fredingstid for kister er 30 år. Festetida er 5 år.
  • 5    Når kistegrav vert teken i bruk, er det høve til å festa ei grav ved sida av denne, og etter godkjenning frå kyrkjeverja, kan det festast to graver når det er bruk for det. Desse gravene utgjer då ein gravstad. Ved bruk av urnegrav kan ein ikkje festa grav ved sida av. For den festa grava skal det betalast festeavgift frå fyrste dag. Når festetida er ute, kan gravstaden festast for nye 5 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan særskild løyve frå soknerådet. Festaren skal bli varsla i god tid før festetida er ute. Er festet ikkje fornya innan 6 mnd. etter forfall, fell gravstaden tilbake til gravplassen. Når festetida er ute, kan gravminnet verta fjerna av gravplassarbeidarane dersom dei pårørande ikkje sjølve ynskjer å fjerna det. Ingen kan gravleggjast i festa gravstad utan samtykkje frå festaren. Dersom den ansvarlege for frigrav eller festaren sitt samtykkje ikkje kan innhentast, kan soknerådet avgjera spørsmålet om gravlegging. Festaren pliktar å melda om adresseendring.
  • 6    Når grav vert opna, kan jord leggjast på gravene omkring og gravutstyr kan mellombels flyttast. Gravplassen vil syta for at gravene vert sette i stand att, og den nye grava vert planert og tilsådd med gras. Gravminne bør ikkje setjast opp tidlegare enn ca. 1 år etter gravlegging av kiste. Gravminne kan ikkje monterast så lenge det er tele i jorda. I mellomtida vert det sett opp eit merke med namnet til den avlidne. På ny gravstad set ein opp gravminne i bakkant av den grava som vert teken i bruk. Når det gjeld festa gravstader, sentrerer ein minnet på gravstaden etter neste gravlegging. Gravminna må vera i samsvar med forskriftene til gravferdslova §21,22,23 og 24.
  • 7     Framfor gravminnet er det høve til å opparbeida eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det kan vera i breidd med gravminnet eller breiare, men aldri breiare enn 60 cm. Det kan ikkje stikka lenger fram enn 60 cm. målt frå bakkanten av gravminnet. Det kan ikkje plantast vekstar som er høgare enn gravminnet eller går utover plantefeltet. Det er ikkje høve til å bruka faste dekorting, så som liggjande plater, blomeurner, lykter m.m. i plantefeltet. Dekor og symbolbruk må vera sømeleg og ikkje verka støytande. Lause dekorting skal fjernast etter bruk. Det er ikkje høve til å ramma inn plantefeltet med rammer som ikkje ligg i plan med terrenget rundt. Dersom slik innramming er gjort etter 01.07.2018, skal innramminga fjernast. Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vera grasbakke på alle sider av gravminnet.
  • 8     Alt av plantar, kransar og anna materiale som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav, og som endar som avfall, skal kunna komposterast.
  • 9     Gravfestar eller den som er ansvarleg for frigrav, har rett og plikt til å stella den grava han har ansvaret for. Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt, vert tilsådd av dei som arbeider på gravplassen.
  • 10    Mot at den ansvarlege for frigrav eller festet betalar ein fastlagd sum, kan soknerådet ta over ansvaret for planting og stell av gravstaden i eitt eller fleire år. Det skal då signerast ein avtale om dette. Midlane vert forvalta av soknerådet. Den innbetalte summen, med tillegg av renter, skal dekkja utgiftene til planting og stell av gravstaden i samsvar med avtalen, medrekna administrasjon og revisjon, for den fastsette tida. Midlane skal og dekkja eventuell meirverdiavgift til staten, etter det som til ein kvar tid gjeld for sokneråd. Det kan ikkje gjerast avtale som varer lenger enn den festetida som er igjen, eller tilsvarande periode. Dersom dei økonomiske tilhøva endrar seg i avtaletida, slik at midlane ikkje rekk til, skal soknerådet gje melding om dette til den som er ansvarleg for gravstaden. Det er så høve til å auka kapitalen slik at det rekk tida ut. Vert det ikkje betalt inn det som trengst, vil stellet av grava ta slutt når midlane er brukt opp. Dersom det er midlar att av kapitalen når tida er ute, skal dei brukast av soknerådet til å gjera gravplassen vakrare. Kapitalen frå dei ulike avtalane vet forvalta i fellesskap og går inn i soknerådet sin rekneskap. Det skal nyttast undersystem/reskontro som til ei kvar tid held greie på bruk av og kva beløp som står att på dei ulike avtalane. Nærare reglar vert fastsette i gravstellavtalane. 
  • 11    Soknerådet disponerer bårerom. Slike rom skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan løyve. Liksyning kan berre gjerast etter samtykke frå den som syter for gravferda og vedkjem ikkje dei tilsette. 
  • 12    Næringsdrivande som ynskjer å driva verksemd på gravplassane, skal ha løyve frå soknerådet. Løyvet kan dragast inn dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatta montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver. Dei som arbeider på gravplassane kan ikkje utføra teneste mot godtgjersle for private eller næringsdrivande. Dei kan heller ikkje engasjera seg i sal av varer eller tenester som har med gravplassane å gjera.
  • 13    Soknerådet er ikkje ansvarleg for skade på graver, gravminne eller gravutstyr, såframt skaden ikkje har sin grunn i aktløyse frå dei som arbeider på gravplassen.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"